Midt-Telemark kommune

Bli bøsseberar - TV-aksjonen NRK PLAN 2021

Bli bøsseberar - TV-aksjonen NRK PLAN 2021

TV-aksjonen NRK 2021 gjeng til Plan Internationals arbeid mot barneekteskap.

Med årets TV-aksjon skal det nås ut til 3 millionar menneskjer for å få slutt på barneekteskap der ein veit at ein kan gjere ein forskjell. 

Den 24. oktober kan du bli med å gå årets viktigaste søndagstur.

Kvart tredje sekund blir ei jente gifta bort ein stad i verda, og på verdensbasis har 650 millioner jenter blitt gifta bort før dei har fylt 18 år. TV-aksjonen skal gje jenter muligheiten til å velje si eiga framtid, og vie seg til livet. Barneekteskap bremsar utvikling og opprettheld fattigdom. Der jenter giftast bort som barn og mister muligheiten til å gå på skule, aukar risikoen for at dei utsettast for vald og overgrep.

Får jenter muligheiten til å gå på skule, bestemme over sin eigen kropp og bli lyttet til i samfunnet, vil det føre til mindre fattigdom, mindre vald og meir rettferd.

TV-aksjonsmidlene gjeng til kampen mot barneekteskap i dei landa der problemet er størst; Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger. PLAN skal jobbe for at jenter får bli på skulen, at barn, unge og eldre får opplæring i jenters rettigheiter og i likestilling og at lovverket skal beskytte barn frå å bli gifta bort.
Barn skal få vere barn, ikkje brud.

Difor er igjen årets TV-aksjon så utrulig viktig!

 

Vi treng bøsseberarar

Hjartet i TV-aksjonen er bøsseberarane og det unike møtet i døra når dykk bankar på i nabolaget. Nå vi gjeng frå dør til dør hos heile Noregs befolkning og bankar på 2,4 millionar dører, legg vi til rette for at alle skal få moglegheiten til å delta på TV-aksjonen.

Utan bøsseberarane blir det ingen TV-aksjon. Bli med på årets viktigaste søndagstur 24. oktober og meld deg som bøsseberar på blimed.no.

Tidspunktet for bøsseberinga er mellom kl. 16.00 og 18.00 sundag 24. oktober.

  • Er du under 18 år, må du gå i følgje med ein vaksen
  • Ønskjer du å gå saman med ein ven, held det at ein av dykk registrerar seg som bøsseberar
  • Oppmøte på sundag 24. oktober er kl. 15.15 

 

Slik registrerar du deg

Registrer deg med kontaktinformasjon på blimed.no eller ring 02025, eller send ein e-post til TV-aksjonskomiteen i Midt-Telemark til jeka2511@mt.kommune.no.

Fristen for å melde seg som bøsseberar er onsdag 20. oktober.

 

 

 

Bli digital bøsseberar

Du kan også gå inn på blimed.no og registrere deg som ein digital bøsseberar.

Når du registrerar deg som bøsseberar, er det moro om du registrerar bøssa di i Midt-Telemark kommune. For å registrere seg som digital bøsseberar i Midt-Telemark kommune må ein velje Vestfold og Telemark fylke, så Midt-Telemark kommune også veljer man stad (Bø eller Sauherad).

Da er du klar til å dele den digitale bøssa di med vener, familie, kollegaer osv. Spre bøssa di på e-post, Facebook, Instagram etc.

Da kan folk gje på den digitale bøssa med VIPPS, bankkort eller få tilsendt ein faktura. Det er heilt frivillig kva for beløp ein ønskjer å gje, og alle bidrag er anonyme med mindre du aktivt ber om å vere registrert under namn.

 

 

TAKK FOR AT DU BLIR MED

TV-aksjonskomiteen i
Midt-Telemark kommune