Midt-Telemark kommune

Ikkje påvist ny smitte

Ikkje påvist ny smitte

Klikk for stort bildeKjære innbyggjar, her kjem oppdatera informasjon om koronasituasjonen i romjula.

Midt-Telemark kommune har ikkje fått påvist ny smitte i romjula. For tida er det ein person i isolasjon, og nokre nærkontaktar er i karantene.

Endra åpningstid for testing

Det har vore stort press på testing i romjula.

Kommunen har tidlegare meldt at koronatelefon og teststasjon er stengt den 2. januar 2021. Det endrar vi på.

Koronatelefonen og teststasjonen er åpen laurdag 2. januar.  Koronatelefonen 35 05 93 59 er åpen frå kl. 09-10.30, og testing blir utført mellom kl 10.30-11.30. Time til testing kan også bestillast via sms på 908 30 217.

Søndag blir det ikkje utført testing, som tidligare meldt.

I tillegg vil koronatelefonen (sms-telefonen) 908 30 217 vere bemanna for spørsmål om testing fredag 1. januar 2021 kl. 12-14 og sundag 3. januar 2021 kl. 12-14. 

Frå mandag 4. januar er det normal drift.

Oppmoding om munnbind

På grunn av stor smitte i kommunar nær oss, oppmodar Midt-Telemark kommune sterkt til bruk av munnbind når du er på stader der det er vanskeleg å halde 1 meter avstand. Tenk spesielt på dette når du er på butikkar og kjøpesenter.

Råd om feiring av nytt år

Mange gler seg til å feire eit nytt år. Det er likevel viktig å følgje dei gode råda for smittevern som til dømes går ut på å avgrense sosial kontakt. Folkehelseinstituttet har detaljerte råd på sine heimesider. 

Med Helsing

Siri og Per