Midt-Telemark kommune

Viktig melding - Vanlig informasjon til innbygger

Koronavirus - oppdatering 14.mars 2020

Koronavirus - oppdatering 14.mars 2020

På linje med resten av landet har Midt-Telemark kommune vedtatt å stenge skoler og barnehager. Videre lukkes også sykehjem og institusjoner for besøkende. Det er mulig å gjøre individuelle avtaler, men KUN etter avtale med stedlig leder. 

Klikk for stort bilde

Oppdatering frå kommuneoverlegen 14.mars 2020

Den siste veka er det etter forholda svært mange som har fått påvist smitte med koronavirus i Noreg. 11.03.20 erklærte Verdas Helseorganisasjon (WHO) dette å vere ein pandemi, det vil seie at det er ein sjukdom som ein no reknar vil ramme mange menneske i alle land i verda, innan kort tid.

Frå 12.03.20 vart det derfor sett i gang omfattande tiltak frå Regjeringa. Dagane før dette vart tiltaka gradvis trappa opp i kommunane, blant anna ved at mange arrangement vart tilrådd å avlyse. Nome og Midt-Telemark kommune sette i gang kriseleiing den 12.03.20, då svært mange både funksjonar og personar i kommunane våre blir berørt av dette. Kommunane må derfor legge til rette for at alle klarer seg best mogleg gjennom denne tida.

Denne veka har det blitt testa 10 personar i Nome, og mellom 15-20 personar i Midt-Telemark (oversikten ikkje heilt klar pr i dag). Det er ikkje påvist smitte i kommunane våre ennå; manglar svar på 1 prøve frå Nome, og truleg 5 frå Midt-Telemark.

 

Reglane for karantene har endra seg mykje på få dagar. ALLE som har vore i  utlandet utanom Norden, har no karantene i 14 dagar.

Lov om forskrift om karantene

Minner om kva det tyder:

KARANTENE: Ingen kontakt med andre enn dei ein bur saman med. Frisk luft er lov!- Men ikkje å opphalde seg på stader der det er fleire samla.

TESTING: Reglane for kven som skal testast for koronaviruset, er også endra frå i går, 13.03.20: Dei som er i karantene, og som får akutt oppståande symptom på luftvegsinfeksjon (feber, hoste, sår hals osv), vil ikkje lengre bli testa, med unntak av dei som blir alvorleg sjuke og må vurderast for å bli lagt inn på sjukehuset, samt helsepersonell med nyoppståtte symptom.

Årsaka til at så få blir testa, er at det er mangel på smittevernutstyr både for dei som skal utføre testane, og at me må halde av utstyr til personalet som skal pleie smitta personar når det blir aktuelt. I tillegg fryktar ein mangel på testutstyr på sikt.

Skular, barnehagar, fritidstilbod og ulike arrangement er stengt eller avlyst for å hindre at viruset spreier seg i større grupper. Det er derfor svært viktig at alle avgrensar sosiale aktivitetar mest mogleg. Blant andre Fylkeslegen anbefaler  at barn og ungdom ikkje søkjer seg saman i større grupper, men held seg til mindre grupper på maksimum 2-3 venner samla, og at ein held seg til dei samme dei neste 2 vekene.

Det er viktig å tenke at alt me gjer- og ikkje gjer- framover, kan spare liv, ved at alle gjer enkle tiltak:

                Hald 1 meters avstand til andre enn dei du bur saman med.

                HÅNDVASK

                HOSTEHYGIENE

                Er du FORKJØLA, HALD AVSTAND til ALLE, særleg eldre og dei som ikkje tåler å bli sjuke.

 

Mvh Kristin Sekse

 

 

Oppdatering 12.mars

 Det er en svært alvorlig situasjon landet vårt, og verden er i. Korona er ikke farlig for de fleste så tiltakene gjøres for å forebygge og avgrense smitte, verne sårbare grupper og opprettholde nødvendig kapasitet i helsetjenestene våre.

 

 

 

Tiltak:

  • Skoler og barnehager stenges fra og med fredag 13.3.2020. For foreldre med jobb i helsetjenesten vil det bli etablert et tilbud for barna i barnehage og skole. 
  • Gullbring kulturanlegg stenges. Dette betyr at all aktivitet, inkludert treninger, kino, arrangementer, bad, kafe og treningssenter er avlyst inntil videre.
  • Bibliotekene holder stengt f.o.m 13.3.2020
  • Sykehjem og institusjoner er lukket for besøkende. Det er mulig å gjøre individuelle avtaler, men KUN etter avtale med stedlig leder. Se lapp på dør inn til enheten eller kontakt leder.
  • Kulturskolen har avlyst all undervisning inntil videre.
  • Kommunehuset og en rekke andre kommunale bygg holder stengt for publikum. Vi oppfordrer publikum til å ta kontakt med oss på telefon eller pr epost ved behov. 
    Midt-Telemark kommunes epost adresse: post@mt.kommune.no
    Sentralbordtlf: 35 05 90 00
    For kontaktdetaljer til våre ansatte se her:
    Ansatte i MTK
  • Se den fullstendige tiltakslista fra Helsedirektoratet her:
    Tiltaksliste 

Kommunens kriseledelse møtes hver dag for å evaluere situasjonen og drøfte tiltak. Kommunens nettside og facebook vil bli oppdatert flere ganger om dagen, men situasjonen endrer seg raskt. Vi klarer ikke å holde alle oppdatert på alt til en hver tid. Vi oppfordrer  alle til å følge med og oppdatere seg på utviklinga via:

 

 

 

Oppdatering 11.mars. 
Anbefaling til næringsliv, lag- og foreninger og andre arrangører

 

 

Nome kommune og Midt-Telemark kommune har enda ingen med påvist koronasmitte. La oss jobbe sammen for å unngå det.

Vi oppfordrer alle innbyggere, lag og organisasjoner, arrangører og næringsliv til  å sammen ta hensyn til hverandre og med det verne om de av oss som ikke vil tåle et utbrudd av smitte.



Alle kan gjøre noe. Alle bør være med og bidra.

Som enkeltperson kan vi bidra med 3 enkle tiltak:

  1. God håndhygiene
  2. God hostehygiene; hoste i papirlommetrøkle eller i albuehulen
  3. Ikke smitte andre; er du forkjøla eller har influensa: IKKE besøk eldre, sjuke eller andre som er i risikogruppene før du er frisk igjen.

Næringsliv, lag-og foreninger og andre arrangører:

  1. Nome kommune og Midt-Telemark kommune anbefaler å avlyse planlagte arrangement som samler over 50 deltakere.
  2. Ved gjennomføring av arrangement bør alle bli minnet om tiltakende den enkelte kan gjøre for å redusere smitte.

 

 

Videre er oppfordringen å følge Folkehelseinstituttets råd og lese deres oppdaterte informasjon:

https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/

 

 

 

Oppdatering frå kommuneoverlegen i Nome og Midt-Telemark 10.mars: 

 

"Det er framleis ein del som testar positivt for korona-virus i Norge. Telemark og Vestfold har relativt få som er bekrefta smitta til no, og i Midt-Telemark og Nome kommunar er det ikkje påvist smitte ennå. Det er tatt til saman 5 nye prøver i dei 2 kommunane, på mistanke om korona-smitte til no denne veka; svar føreligg ikkje ennå.
Det er avgrensa kor mange me kan teste for koronavirus, og det er 2 årsaker til dette: Det er mangel på smittevernutstyr for dei som skal ta prøvene, og det er avgrensa med testreagensen som ein brukar til å påvise viruset.

Folkehelseinstituttet kom i løpet av føregåande helg med nye retningslinjer for karantene og land med pågåande smittespreiing:

Definisjon av mistenkt tilfelle: Pasientar med akutt luftvegsinfeksjon med minst eitt av følgjande symptom; kortpusta, feber, hoste, som i løpet av dei siste 14 dagane før dei vart sjuke, oppfyller minst eitt av følgjande:

-Har vore i område med utbreidd spreiing av covid-19: Hubei-provinsen i Kina, Iran, Sør-Korea, Italia og Tirol i Østerrike. https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/omrader-med-vedvarende-spredning-av-koronaviruset-coronaviruset/

-Har vore i nærkontakt med person som har bekrefta covid-19 smitte.

-Har pleia/behandla eller hatt tilsvarande kontakt med pasient som er smitta med covid-19.

-Har vore på reise utanom Norden og er tilsett i helsetenesta med pasientnært arbeid (inkludert studentar):

-Har vore på reise utanom Norden og er innlagt i helseinstitusjon.

 

Definisjon av nærkontakt med bekrefta sjuk med covid-19:  

  • Har budd i samme husstand
  • Hatt direkte kontakt med (td handhelsing)
  • Hatt direkte kontakt med spytt/blitt hosta på
  • Hatt nærkontakt ansikt til ansikt under 2 meter i meir enn 15 minutt
  • Opphald i avgrensa miljø (møterom, klasserom, venterom e.l.) i meir enn 15 minutt på mindre avstand enn 2 meter.
  • Pleie/behandling utan tilrådd beskyttelsesutstyr
  • Har site i nærheten av (2 sete eller nærmare i alle retningar) smitta person på fly.
  • Har vore i samme reisefølge.

 

Desse er tilrådd heimekarantene:

  • Alle personar som har vore i område med utbreidd spreiing av koronavirus, skal halde seg heime i 14 dagar etter heimkomst (med tilbakevirkande kraft), uavhengig av om dei har symptom eller ikkje . Legg merke til at område med utbreidd spreiing er utvida til heile Italia, OG Tirol i Østerrike!
  • Nærkontakt til personar med positiv test på koronavirus, inkludert dei som bur saman med personen.
  • Helsepersonell som bur i samme husstand som personar der det er mistanke om smitte, inntil svar på prøve er klart.

Heimekarantene tyder:

Kan gå ut av eigen heim, men bør unngå nær kontakt med andre. Ikkje gå på jobb eller skule. Unngå reiser og ikkje at offentleg transport. Unngå stader der ein lett kjem i kontakt med andre. Nærkontaktar må vere i heimekarantene i 14 dagar etter siste kontakt med pasient som har påvist viruset. Dette gjeld også om ein har testa negativt for viruset.

 

Desse er tilrådd heimeisolering:

  • Dei som er bekrefta smitta med covid-19-viruset.
  • Dei som er mistenkt smitta, som har symptom, og som har blitt testa for covid-19, der prøvesvaret ikkje er klart ennå.

 

Heimeisolering tyder:

Ein må halde seg heime. Helsepersonell som eventuelt skal besøke pasienten, må bruke smittevernutstyr.

 

VIKTIG: Det er lav eller ingen risiko for at personar som ikkje har symptom som feber, hoste, sår hals, tung pust, er smitteførande, sjølv om dei har vore i kontakt med personar som er smitta.

 Det er mange som er sjuke med sesonginfluensa og forkjøling no, og det er derfor viktig å presisere at det er aller størst sjanse for at det er dette folk flest er sjuke av.

 

Skular og barnehagar: Då det ikkje er påviste tilfelle av koronasmitte i våre kommunar ennå, har det ikkje vore aktuelt å stenge klassar/skular på grunn av dette. Det har blitt gitt råd i enkeltsaker vedrørande eventuell karantene i påvente av svar til nærkontaktar. Inntil vidare er dette gjeldande, men kan endre seg raskt dersom det blir påvist smitte i vårt område. Kommunen førebur i løpet av denne veka korleis me skal handtere dette, dersom det skjer.

Arrangement: Fleire stader blir arrangement avlyst eller flytta, for å forsøke å hindre smitte til mange. Pr i dag er det opp til kvar enkelt kommune å vurdere tiltak, inntil vidare. Her vil det vere viktig at arrangørane tek kontakt med kommunen for råd fortløpande.

Næringsliv og kultur: Me ser alt no samfunnsmessige konsekvensar av koronaviruset, langt ut over det helsemessige. Det vil også ha konsekvensar for næringslivet i kommunane, og det vil vere ekstra viktig med god dialog framover.

 

Kommunale institusjonar, eldre og sårbare grupper:

Det aller viktigaste framover, blir å prøve å beskytte særleg risikogruppene og dei eldre mot koronavirus. Dette kan me bidra med alle saman, ved 3 ENKLE TILTAK:

  1. GOD HÅNDHYGIENE
  2. GOD HOSTEHYGIENE; hoste i papirlommetrøkle eller albogekroken .
  3. IKKJE SMITTE ANDRE: Er du forkjøla eller har influensa:  IKKJE BESØK ELDRE, SJUKE ELLER ANDRE SOM ER I RISIKOGRUPPENE før du er frisk igjen.

 

Anbefaler alle å følgje med på www.fhi.no for oppdatert informasjon."

 

Kristin Sekse

 

 

Oppdatering fra kommuneoverlegen 6.mars

I løpet av veka har det vore mange som har testa positivt for koronavirus-sjukdom i Noreg. Helsedirektoratet melder 05.03.20 kl.18.00 at det er rapportert om 86 tilfelle i Noreg. 67 er smitta utanlands, og 16 er nærkontaktar av bekrefta tilfelle. Det er ikkje meldt om tilfelle med alvorlege symptom.

I Midt-Telemark kommune har det vore testa 1 person med negativ test. I tillegg har det i dag blitt teke 2 prøver som det ikkje er svar på ennå; ein av dei med symptom etter opphald i område med smittespreiing, og ein som kanskje har vore i kontakt med person med positiv prøve. Personane som blir testa, vert sett i karantene saman med familiane sine, i påvente av prøvesvar.

I Nome kommune har ein person testa negativt etter opphald i utlandet, og ein person er i karantene utan symptom etter opphald på OUS øyeavdeling.

Etter nye retningslinjer som kom 01.03.20, vert dei som arbeider i helse og omsorg i kommunane, og som har opphalde seg i område med vedvarande smittespreiing, bede om å ikkje arbeide med pasienter i 14 dagar etter heimkomst.

Hovudoppgåva no er å prøve å avgrense spreiing av viruset. Dersom epidemien går over i ein fase der det ikkje lengre er mogleg å avgrense spreiinga, må ein førebu dette godt. Derfor er kommunar og fylke no i beredskap, slik at samfunnet skal fungere best mogleg sjølv om  mange tilsette skulle bli sjuke samtidig. Det er særleg viktig å hindre at eldre og kronisk sjuke blir smitta, då koronaviruset vil kunne medføre alvorleg sjukdom for desse.  

Mange uroar seg for om dei kan vere smitta, og eventuelt om dei kan ha smitta andre. Kommunen held seg strengt til råda som er gjeldande til eikvar tid frå Folkehelseinstituttet, blant anna fordi det er svært avgrensa lager av smittevernutstyr. Det inneber følgjande: ( www.fhi.no )

 

Definisjon av et mistenkt tilfelle:

  • Pasientar med akutt luftvegsinfeksjon med minst eitt av følgjande symptom: Hoste, kortpusta, feber, og som i løpet av dei siste 14 dagane før symptoma kom, oppfyller minst eitt av følgjande kriteria:
  • Har vore i Områder med vedvarende spredning av koronaviruset (utbreidd i enkelte regionar i fastlands-Kina, Iran, Sør-Korea og regionar i Nord-Italia. Spreiinga reknast å vere LOKAL i Hong Kong, Singapore og Japan. Opphald kun på flyplass i desse områda er rekna for å vere lav risiko og gjen i hovudregel IKKJE grunnlag for testing eller arbeidsrestriksjonar.
  • Har vore i nærkontakt med eit bekrefta tilfelle av korona-virus infeksjon (SARS-CoV2).

Det inneber også at følgjande personar IKKJE skal testast, slik retningslinjene er akkurat no:

  • Personar som har symptom, men som ikkje har vore på aktuelle stader med smittespreiing.
  • Personar som har vore i nærkontakt med personar som har opphalde seg i område med smittespreiing, men som ikkje har hatt symptom, eventuelt før dei har fått symptom.
  • Personar som er i familie med, eller har vore på skule eller i barnehage med- personar som ikkje har hatt symptom, men som anten er i karantene og/eller har blitt testa fordi dei har utvikla symptom.

Hovudregelen er at personar som ikkje har symptom, ikkje er rekna å vere smitteførande.

Merk at dette kan endrast; det er Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet som har oversikt over situasjonen, og kan endre retningslinjene raskt dersom situasjonen nasjonalt tilseier det.

 

Informasjon for befolkninga frå Helsedirektoratet:

Du finn informasjon og konkrete råd om koronaviruset på våre nettsider og på helsenorge.no. Dersom du ikkje finn svar på det du lurer på, kan du ringe informasjonstelefonen på 815 55 015.

Dersom du trur du er smittet, ring fastlegen din. Hvis du ikkje får tak i fastlegen, ring legevakt på 116117.

Helsedirektoratet har laga ein informasjonsfilm om koronaviruset: https://we.tl/t-wmbjjU5FfX eller https://youtu.be/3YFsvj00134

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/rad-og-informajon-til-befolkningen-om-nytt-koronavirus-coronavirus-2019-nco/

 

 

Kristin Sekse
kommuneoverlege Nome og Midt-Telemark

 

 

 

-Det første bekreftede smittetilfellet er konstatert i Norge, og vi har må forvente at vi får smitte også til vårt område. Dette må vi som befolkning være forberedt på, helsevesenet planlegger for øyeblikket for alle eventualiteter, sier kommuneoverlege Kristin Sekse. 

3 gode råd fra kommuneoverlegen:

  1. Følg fra Folkehelseinstituttet på www.fhi.no
  2. Ved mistanke om og symptom på influensa/ Korona-smitte ring legekontoret eller legevakt (116117) først av alt. NB: Det gjeld folk som har vært i deler av verden som har fått bekrefta Korona-virus.
    Ikke ring nødnummeret.
  3. Vask hendene godt. Bruk antibac. Host i albuen og ikke i hendene.

 

For oppdatert informasjon om koronaviruset se her:


Folkehelseinstituttet

Helsedirektoratet

Klikk for stort bilde

 

Klikk for stort bilde

 

Jobbar du med reisande? sjå her:

Info til deg som jobbar med reisande _nynorsk (PDF, 114 kB)

Reiseråd fra Utenriksdepartementet

 

 

Informasjon til reisende

Informasjon til reisende, fra Helsedirektoratet.

Klikk for stort bilde