Midt-Telemark kommune

Viktig melding - Vanlig informasjon til innbygger

Ny nettside

Vi jobber fremdeles med å få de siste bitene på plass. Er det noe du savner?
Kontakt servicetorget 35 05 90 00

 

Ledig interkommunal prosjektstilling - fagleder fosterhjemsarbeid

Ledig interkommunal prosjektstilling - fagleder fosterhjemsarbeid

Klikk for stort bilde 

Prosjektet «Forpliktande samarbeid om barnevernreforma i Midt-, Vest- og Aust-Telemark» er eit interkommunalt samarbeidsprosjekt som omfattar Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark, Tinn-, Notodden/Hjartdal- og Midt-Telemark barnevernteneste.  Tilsaman dekker prosjektet 11 kommunar med 57 tilsette. I løpet av våren 2020 skal det etablerast  interkommunalt ressursteam med psykolog, fagleiar fosterheimsarbeid og 2 familieterapeutar.

Stillinga som fagleiar fosterheimsarbeid er for tida lagt til Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark, men arbeidsområdet omfattar også Tinn, Notodden/Hjartdal og Midt-Telemark. Arbeidsgjevaransvar for stillinga kan bli endra når spørsmål om vertskommune for ressursteam er avklart.

LEDIG INTERKOMMUNAL PROSJEKTSTILLING

Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark søker etter Fagleiar fosterheimsarbeid  ID 971 , 100% prosjektstilling i 2 år fram til 31.12.2021.

Stillinga kan bli fast.

Arbeidsoppgåver:

Saman med ressursteamet styrke det kommunale barnevernet for å løyse fleire oppgåver i barnevernet lokalt.

Koordinere:

  • Interkommunal  nettverksgruppe for fosterheimsarbeid
  • Kompetanseheving og  veiledning til  kontaktpersonar i barnevernet i fosterheimsarbeidet
  • Utvikling av felles standard for kartlegging, utgreiing og utveljing av fosterforeldre
  • Oppfølging av fosterbarn, fosterfamiliar og biologisk foreldre

Ha ei sentral rolle i rekruttering av fosterheimar i regionen og i slekt og nettverk.

Kvalifikasjonar:

  • Barnevernpedagog eller sosionom, gjerne med relevant tilleggsutdaning.
  • Anna høgskuleutdaning kan vurderast
  • Kompetanse på veiledning
  • Oppdatert kunnskap om barnevern
  • God forståing for ansvars- og oppgåvedeling i barnevernet
  • Erfaring frå arbeid i kommunalt - eller statleg barnevern
  • God kunnskap om- og erfaring frå arbeid med fosterbarn, slekt og nettverk og familieråd
  • Må ha førarkort klasse B

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å drive utviklingsarbeid
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og målretta
  • Har gode samarbeidsevner og er fleksibel
  • Evne til å motivere, inspirere og veilede medarbeidarar
  • Evne til å finne gode løysingar i oppfølging av fosterbarn, fosterheimar og biologiske foreldre
  • Likar å køyre bil

Vi tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
  • Ein del tid i bil i flott natur og utan køkøyring
  • KLP pensjonsordning
  • Fleksitid

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar og prosjektet sitt behov vert vektlagt ved tilsetting.

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Fullstendig kunngjeringstekst med link til elektronisk søknadsskjema: www.kviteseid.kommune.no.

Attestar og vitnemål vil bli etterspurt i samband med intervju.

Spørsmål kan rettast til barnevernleiar Gunn Annie Hellestad på tlf. 35 05 54 00/ 90 76 69 07

Eller prosjektleiar Synnøve Bratland på tlf 35 05 54 00 / 94 16 93 20          

Søknadsfrist:  31.12.2019