Midt-Telemark kommune

Viktig melding - Vanlig informasjon til innbygger

LEDIG STILLING - VA-ingeniør - 100 % vikariat med mogleghet for fast tilsettig

LEDIG STILLING - VA-ingeniør - 100 % vikariat med mogleghet for fast tilsettig

Stillinga er underlagt eining Teknisk ved avdelinga som har ansvar for drift av veg, vatn og kloakk (VAR) i Midt-Telemark kommune. Avdelinga har ansvar for drift og vedlikehald av ca. 35 mil med vatn- og avlaupsleidningar. I tillegg har kommunen ansvar for 17 mil med kommunale vegar, 3 vassverk og 5 avløpsreinseanlegg.

Klikk for stort bilde  

 

Mer om stilling / Søk på stilling

 

Kort om stillinga

Ein av våre ingeniørar skal ut i permisjon august 2020 og Teknisk ønskjer å finne ein som kan vikariere i dens fravær. Vikariat fram til august 2021, med moglegheiter for fast tilsetting.

Viktige arbeidsoppgåver for stillinga vil mellom anna være:

  • Delta i planlegging av drift, internkontroll, vedlikehald og investeringar.
  • Rapporteringer til sentrale mynde.
     

Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar

Midt-Telemark kommune ynskjer primært søkjarar med ingeniørutdanning og helst erfaring frå liknande arbeid. Høveleg praktisk erfaring kan i spesielle tilfelle kompensere for utdanningskravet.
 

Personlege egenskapar

Eininga har eit godt arbeidsmiljø med godt samarbeid og fokus på å løyse utfordringar i team.
Dette er verdiar det vil bli lagt stor vekt på.
 

Anna

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet.
 

Særskilt for stillinga

E-læringskurset for nytilsette skal tas før oppstart i stilling.
Førarkort kl. B
Disponere bil
 

Vi tilbyr

Vi kan tilby gode forsikringar, utfordrande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Ein må rekne med å nytte eigen bil etter offentlege satsar.
 

Søknaden sendast

Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".

Vi anbefalar å skrive søknadsteksten i eit teksbehandlingssystem før du startar søkjeprosessen. Da kan du kopiere/lime inn teksten i søknaden. Når du startar å registrere søknaden, må du gjere den ferdig. Det er ikkje mogleg å mellomlagre søknaden.

Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med kvittering om at søknaden er mottatt.