Midt-Telemark kommune

Ny assisterande kommunedirektør

Ny assisterande kommunedirektør

 Øystein Tveit er tilsett som assisterande kommunedirektør i Midt-Telemark kommune.

Øystein har tidlegare vore økonomisjef i Kviteseid kommune og i Nissedal kommune og kjem no frå stillinga som rådmann i Kviteseid kommune, ei stilling han har hatt sidan 2014.

Øystein er 51 år og busett i Treungen.

«Vi er særs fornøgd for at vi kan knytte til oss Øystein med god økonomifagleg bakgrunn og mange års erfaring som toppleiar i ein kommune» uttaler kommunedirektør Per Dehli.