Midt-Telemark kommune

Smittsom hjernehinnebetennelse hos Notodden-russ

Smittsom hjernehinnebetennelse hos Notodden-russ

Til informasjon:

Det vart i dag meldt om eitt tilfelle av smittsom hjernehinnebetennelse hos ein russ på Notodden. Vedkommande har deltatt på felles russearrangement for russ frå blant anna Bø vidaregåande skule den siste veka, og det er derfor sett i gang oppsporing av russ og andre som kan ha vore utsett for smitte i nedslagsfeltet til Bø vgs (Midt-Telemark hovudsakleg, men også russ frå Nome, Seljord, Tokke og Vinje).

Desse blir tilbudt førebyggande antibiotikabehandling i løpet av ettermiddag og kveld i dag. Det er ikkje meldt om andre som er sjuke til no, men det er viktig å formidle at alle som har symptom på hjernehinnebetennelse, kontaktar legevakt eller fastlege. Symptom er

                Feber med frysningar

                Hodepine

                Kvalme og oppkast

                Eventuelt i tillegg små blødningar i huda/raude prikkar som ikkje går bort om ein trykker på med eit glass.

 

Både russepresident og øvrige russ har vore flinke til å hjelpe til i sporingsarbeidet, og å spreie informasjon raskt og effektivt, noko som har letta arbeidet betrakteleg. Fastlegar og legevakt er særleg merksame på nemnde symptom framover, for å fange opp eventuell sjukdom på eit tidlegast mogleg tidspunkt.


Mvh Kristin Sekse, kommuneoverlege i Midt-Telemark og Nome.