Midt-Telemark kommune

Søknadsfristar haust 2021

Søknadsfristar haust 2021

Vi mottar no forslag til kandidatar til kulturpris 2021 og søknadar til ungdomsstipend. I tillegg varslast frist for søknad om kulturmidlar, spelemidlar og stønad frå kontingentkassa. 

Søknadsfristar haust 2021

Kulturmidlar, 1. oktober

Lag og foreingingar kan søke tilskot til aktivitet, med søkndsfrist 1. oktober. Digitalt søknadsskjema på kommunen sine nettsider.

Kandidatar til kulturprisen, 20. oktober

Midt-Telemark kommunes kulturpris skal gå til ein eller fleire personar som over tid har markert seg og /eller bidratt til fellesskapet innanfor kunst-, kultur-, idretts- eller friluftslivet i kommunen.

Prisen er på kr. 10 000,- og eit diplom.  Forslag med solid grunngjeving sendast post@mt.kommune.no innan 20. oktober.

Søknader til ungdomsstipend, 20. oktober

Midt-Telemark kommune mottek no søknadar til ungdomsstipendet frå ungdom i alderen 16-23 år. Det delast ut to stipend, som begge er på kr. 10 000,- og eit diplom.

Kvalifisert ungdom må sjølv sende inn søknad med grunngjeving og dokumentasjon til post@mt.kommune.no innan 20. oktober.

Spelemidlar, 1. november

Idrettslag, velforeningar og friluftsorganisasjonar kan søke om tilskudd til etablering og rehabilitering av anlegg til idrett og fysisk aktivitet. Søknadsfrist 1. november på anleggsregisteret.no.

Vestfold og Telemark idrettskrets arrangerer webinar: Hvordan søke spillemidler til idrettsanlegg torsdag 23.september kl.18,  i samarbeid med fylkeskommunen. Dette kurset skal gi kunnskapen man trenger for å levere en spillemiddelsøknad.

Mer informasjon og påmelding til webinar her

Kontingentkassa, 15. november

Lag og foreiningar kan søke kommunen om dekning av kontingentar på vegne av enkeltmedlemmar. Søknadsfrist 15. november. Digitalt søknadsskjema på kommunen sine nettsider.