Midt-Telemark kommune

TV-aksjonen NRK WWF 2020 – Digitale bøsser

TV-aksjonen NRK WWF 2020 – Digitale bøsser

TV-aksjonen NRK 2020 gjeng til WWFs arbeid for å bekjempe plast i havet. Åtte millionar tonn plast hamnar i havet kvart år. Men plasten trugar ikkje berre dyrelivet, men også oss.

Det er i år beslutta at TV-aksjonens bøsseberarar skal samle inn pengar via digitale løysningar under årets TV-aksjon. Det betyr at årets TV-aksjon arrangerast utan at bøsseberere gjeng fysisk frå dør til dør, slik vi er vant til.

Klikk for stort bilde 

 

Årets TV-aksjon skal bekjempe plast i havet gjennom å etablere og forbedre eksisterande avfallssystem for meir enn 900 000 menneskjer. Dei skal i samarbeid med lokalbefolkning, myndigheiter og næringsliv redusere bruken av unaudsynt plast. Dei skal samle inn og resirkulere søppel som i dag ender opp i naturen og jobbe for at beslutningstakarar forpliktar seg til å nå WWFs mål om null plast på avveie i 2030.

Havet er ikkje berre heimen til fabelaktige dyr og planter, det gjer mat, arbeidsplassar, medisiner og teknologi-innovasjonar. Men no er havet truga. Kvart år hamnar meir enn åtte millionar tonn plast i havet, og det meste kjem frå land.

Difor er igjen årets TV-aksjon så utrulig viktig!

 

Bli digital bøsseberar

Gå inn på www.blimed.no og registrer deg som digital bøsseberar.

Når du registrerar deg som bøsseberar, er det moro om du registrerar bøssa di i Midt-Telemark kommune. For å registrere seg som digital bøsseberar i Midt-Telemark kommune må ein velje Vestfold og Telemark fylke, så Midt-Telemark kommune også veljer man stad (Bø eller Sauherad).
 

Når du er registrert vil du få ein SMS og ein e-post frå Spleis der du må bekrefte e-postadressa di.

Da er du klar til å dele den digitale bøssa di med vener, familie, kollegaer osv. Spre bøssa di på e-post, Facebook, Instagram etc.

Da kan folk gje på den digitale bøssa med VIPPS, bankkort eller få tilsendt ein faktura. Det er heilt frivillig kva for beløp ein ønskjer å gje, og alle bidrag er anonyme med mindre du aktivt ber om å vere registrert under namn.

 

Gje på ei digital bøsse

Å gje på ei digital bøsse er veldig enkelt. Frå 5. oktober er det mogleg å gje eit bidrag på digitale bøsser, men innsamlinga startar først 5. oktober, og det er mogleg å gje på bøssene heilt fram til 1. november.
Du kan finne andres bøsser som er registrert i Midt-Telemark kommune frå 5. oktober på www.spleis.no/bosser.

Da kan du gje på den digitale bøssa med VIPPS, bankkort eller få tilsendt ein faktura.

Om du ikkje finn noko bøsse du vil gje på, kan du gje på Midt-Telemark kommune si digitale bøsse her: https://www.spleis.no/project/124511
 

Andre gjevarmoglegheiter frå 9. oktober

  • Du kan Vippse til 2133
  • Ringe 822 08 008 (Du blir belasta kr. 300,-)
  • Overføre til kontonr. 830.08.09005


 

TAKK FOR AT DU BLIR MED

TV-aksjonskomiteen i
Midt-Telemark kommune

 

Klikk for stort bilde