Midt-Telemark kommune

Kulturpris og ungdomsstipend

Kulturpris og ungdomsstipend

Midt-Telemark kommune delar ut ein kulturpris og to ungdomsstipend kvart år. Kulturprisen er på kr. 10.000,- og ungdomsstipendaer kvar på kr. 10.000,-.

Frist for å komme med forslag til kandidatar til kulturprisen og søknadsfrist for ungdomsstipenda er 1. oktober kvart år. For 2022 er fristen utsatt til 20. oktober. 

Utval for oppvekst og kultur er jury for tildelinga, og pris og stipend delast ut av ordførar og utvalsleiar i desembermøtet i kommunestyret.

Kulturpris

Midt-Telemark kommunes kulturpris skal gå til ein eller fleire personar som over tid har markert seg og /eller bidratt til fellesskapet innanfor kunst-, kultur-, idretts- eller friluftslivet i kommunen. Prisen er på kr. 10.000,- og eit diplom. Forslag med solid grunngjeving sendast post@mt.kommune.no innan 20. oktober.

Ungdomsstipend

Stipendet blir tildelt ungdom i alderen 16-23 år som inspirasjon for vidare utvikling i sitt fag eller interessefelt, som til dømes musikk, dans, visuell kunst, scenekunst, samfunnsliv, litteratur, idrett eller friluftsliv. Stipendet er på kr. 10.000,- og eit diplom.

Unge som har vokse opp eller er busette i Midt-Telemark kommune kan søke. Kvalifisert ungdom må sjølv sende inn søknad med grunngjeving og dokumentasjon til post@mt.kommune.no innan 20. oktober 2022.

Kontakt

Hilde Pedersen
Kultursjef - enhetsleder, folkehelsekoordinator
E-post
Mobil 95 70 40 48