Midt-Telemark kommune

Om kulturminne og lokalhistorie

Om kulturminne og lokalhistorie

Kulturminne er alle spor etter menneskeleg aktivitet i vårt fysiske miljø, inkludert lokalitetar det knyter seg historiske hendingar, tru og tradisjon til.

I arealplanlegging er Plan- og bygningsloven det viktigaste verktøyet for å kunna ta vare på mangfaldet av kulturminne, kulturmiljø og landskap. Som planmyndighet har derfor kommunen ei særskild rolle i den del av forvaltninga av kulturarven som og er ein viktig ressurs for kommunen sitt arbeid med god og berekraftig samfunnsplanlegging. 

 

Kommunen har ansvar for forvaltninga av nyare kulturminne som ikkje er freda og verneverdige bygningar.

 

Automatisk freda kulturminne

Kulturminne som er direkte freda ved lov, utan særleg vedtak. Dette gjeld mellom anna faste kulturminne frå før 1537, samisk faste kulturminne eldre enn 100 år og ståande byggverk med erklært opprinnelse frå perioden 1537-1649 (jmf: kulturminneloven §4).

Freda kulturminne er først og fremst ei fylkeskommunal og statleg oppgåve. Kommunen skal sikre desse kulturminna gjennom aktiv arealplanlegging.

Dei fleste kulturminna er i dag i privat eige eller forvalta av stiftingar. For kommunane er det viktig at ein støttar desse i arbeidet med å bevare kulturminna.

 

Faste og lause kulturminne

Faste kulturminne er jord- eller stadfaste. Arkeologiske funn inngår som delar av eit fast kulturminne så lenge det ligg i jorda eller under vatn. Lause kulturminne er lause gjenstandar, gjerne funne i åker, gravfelt eller liknande.

Det er mange viktige aktørar som arbeider for bevaring av kulturminnene. Musea i kommunen vår har samlingar av ulik art, mellom anna bygningar, foto, gjenstandar og privatarkiv. I tillegg skipar dei til ei rekke ulike arrangement, knytt til kulturminne og kulturarv. Saman med musea er dei lokalhistoriske arkiv viktige institusjonar for bevaring og formidling av skriftlege kjelder om vår felles kulturarv.

Folkemusikkarkivet i Telemark held til i Bø, og forvaltar eit omfattande materiale av innsamla folkemusikkstoff og innspelingar frå heile fylket.

Biblioteket våre er viktig møteplass for innbyggarane. Dei har store og viktige boksamlingar, lokalhistorisk stoff samt at dei legg til rette for debatt, møte og foredrag.

Det finst òg mange ulike digitale og fysiske arkiv andre stadar som forvaltar store mengder kulturminne og registreringar i Midt-Telemark kommune. Gjennom fleire år er det arbeida med digital formidling av kulturminner i kulturminnesok.no og digitaltmuseum.no.

 

Immaterielle kulturminne

Kulturminne som lev vidare som praksis, framstillingar, uttrykk, kunnskap og ferdigheiter. Det kan være eit handverk, historier, song eller dans.

Kulturskulen Midt-Telemark kommune tilbyr eit vidt spekter av undervisning til barn og unge, innan både folkekunst og folkemusikk. Gjennom undervisning, utstillingar og konsertar står kulturskulane for viktig formidling og opplæring, som styrker bevaringa av kulturarven vår.

 

Tradisjonar blir halde i live også gjennom svært aktive folkemusikkmiljø, spelemannslag, dansarringar og Telemarksfestivalen. Arbeidet desse legg ned, bidrar til at tradisjonar blir ført vidare frå ein generasjon til den neste.

Kunst og handverk står også sterkt i kommunen. Tradisjonane for kunst og handverk er rike for området, og er viktige identitetsmarkørar for mange. I kommunane bur det mange aktivt utøvande kunstnarar og kunsthandverkarar, som er viktige tradisjonsberarar.