Midt-Telemark kommune

25. mars - Pressemelding - utvida karantenepåbod: videreføring av vedtak

25. mars - Pressemelding - utvida karantenepåbod: videreføring av vedtak

Dette vedtaket er opphevet fra og med 1. april 2020.

 

Vedtaket fra 17.mars ble opprettholdt med nytt vedtak fra 25.mars og 7 dager fremover.

Klikk for stort bilde  ​

​Hva betyr dette?


Unntak for regelen i pkt 1

Arbeidspendlarar til og frå områda nemnt i punkt 3) er unntatt regelen om 14 dagars karantene, men må halde seg i karantene dei dagane dei oppheld seg i Midt-Telemark kommune

Det vil si:

Dersom du er ukependler går du automatisk i karantene når du kommer hjem for helga. Så er du fast ukependler vil du i praksis ha karantene når du er hjemme i Midt-Telemark kommune så lenge denne regelen står.


Unntak for regelen i pkt 1

Reiser  til og frå områda nemnd i punkt 3) med varighet under 24 timar.

Det vil si:

Er du på dagsreise /arbeidsreise som varer under 24 t så har du ingen karantene når du kommer hjem til Midt-Telemark kommune.


Hvilke områder gjelder dette for?


Det vil si:

Pr. 17.mars 2020 gjelder vedtaket for fylkene

  • Oslo
  • Agder
  • Rogaland
  • Viken
  • Innlandet
  • Vestlandet
  • Trøndelag

Vedtak:

For å utsette spreiing av Covid-19 og bidra til å oppretthalde naudsynte helse- og omsorgstenester gjer kommuneoverlegen i Midt-Telemark kommune onsdag 25.03.20 følgjande vedtak om å vidareføre utvida karantenepåbod, etter smittevernlova § 4-1 femte ledd,jf. fyrste ledd:

§ 1.  Alle som kjem til kommunen etter reiser i områda nevnt i § 3 vert ilagt heimekarantene i 14 dagar etter ankomst.

§ 2. For personar som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld dei føringar som til ei kvar tid kjem frå myndigheitene for konvertering av karantene til isolasjon.

§ 3. Forskrifta gjeld per 25.03.20 følgjande område: Fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Innlandet, Vestland og Trøndelag.

 § 4. Unntak frå forskrifta: Leiing av verksemder som er lista etter DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjonar vert gjeve adgang til å gjere unntak for eige nøkkelpersonell når dette er strengt naudsynt for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar.

Dette er definert som kritiske samfunnsfunksjonar:

  • Styring og kriseleiing
  • Forsvaret
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningsteneste
  • Digital-sikkerheit i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningssikkerheit
  • Vann og avløp
  • Finansielle tenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tenester
  • Apoteka

Lista kan bli endra, følg oppdatert info på https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/liste-over-kritiske-samfunnsfunksjoner-fastsatt/id2693800/

Førar og personell av vare- og passasjertransport vert unnateke frå karantenekravet i denne forskrifta, men nasjonale føringar for karantene og isolasjon ved sjukdom gjeld. Dette omfattar òg personell som er naudsynt for å gjennomføre transporten.

Arbeidspendlarar til og frå områda nemnt i § 3 er unntatt regelen om 14 dagars karantene, men må halde seg i karantene dei dagane dei oppheld seg i Midt-Telemark kommune.

Reiser til og frå områda nemnd i § 3 med varighet under 24 timar.

§ 5. Reisande som ikkje har symptom kan reise til planlagt opphaldsstad, men bør under reisa så langt det let seg gjere halde avstand til andre.

§ 6. Reisande med symptom skal umiddelbart i isolering, og kan ikkje bruke offentleg transport.

§ 7. Forskrifta gjeld frå 25.03.2020 til 01.04.20

§ 8. Fylkesmannen er klageinstans for vedtaket såframt ikkje anna er bestemt i lova.

 

Rettsleg grunnlag:
Smittevernlova § 4-1 femte ledd, jfr. fyrste ledd gjev kommuneoverlegen, i kommunestyret sin stad, heimel til å sette i verk ulike tiltak i hastesaker, når det er naudsynt for å forebygge ein allmennfarleg smittsam sjukdom eller motverke at den vert overført i befolkninga. Aktuelle tiltak går fram av bestemmelsens fyrste ledd bokstavane a til e.

Grunnleggande krav ved iverksetting av tiltak etter § 4-1 går fram av smittevernlova § 1-5: "Smitteverntiltak etter loven skal være basert på en klar medisinskfaglig begrunnelse, være nødvendig av hensyn til smittevernet og fremstå tjenlig etter en helhetsvurdering. Ved iverksettelse av smitteverntiltak skal det legges vekt på frivillig medvirkning fra den eller de tiltaket gjelder.

Tvangstiltak kan ikke brukes når det etter sakens art og forholdene ellers vil være et uforholdsmessig inngrep."

Det vert og synt til Helse og omsorgsdepartementets vedtak av 13-03-20 om Forskrift om karantene mv. etter reiser utenfor Norden.

 

Grunngjeving:
Covid-19 er erklært som eit alvorleg utbrot av allmennfarleg smittsam sjukdom som kan få alvorlege helsekonsekvenser for mange mennesker. Sjukdomen er òg erklært som ein pandemi og ei alvorlig hending av betydning for internasjonal folkehelse av WHO.

Helsedirektoratet vedtok 12.03.20 omfattande tiltak for å hindre spreiing av Covid-19 og for å bidra til å halde i hevd naudsynte helse- og omsorgstenester. Her vert det mellom anna sagt:

“Helsedirektoratet ønsker at innenlands transport skal gå mest mulig som normalt, men vi oppfordrer sterkt alle til å unngå fritidsreiser. Vi oppfordrer til å unngå reiser som ikke er strengt nødvendig (både innenlands og utenlands), unngå offentlig transport hvis du kan, unngå andre steder hvor du lett kommer nær andre, unngå nærkontakt med andre.”

Covid-19 epidemien har i dag ulikt omfang i Noreg. Vi har framleis ikkje smittespreiing i vår kommune. Tiltaket er derfor vurdera å ha effekt så lenge kommunen kun er i fase 1 av epidemien, utan smittespreiing, i motsetnad til i dei nemnde fylka i vedtaket, som er i fase 2, med smittespreiing.

Kommuneoverlegen ser det som avgjerande å redusere smittepresset frå utanfor regionen, slik at me får betre tid til å førebu særleg helsetenestene best mogleg for ein smittesituasjon.

Kommuneoverlegen ser dette vedtaket som ei naturleg følgje av Folkehelseinstituttet sine tilrådingar, og Helsedirektoratet sitt nasjonale vedtak. Tiltaket vert vurdert som naudsynt både for å beskytte sårbare grupper og for å halde i hevd naudsynt kapasitet i helsetenesta.

Forskrifta gjeld for Midt-Telemark kommune med mindre anna særskilt vert bestemt.

Kommuneoverlegen vurderar at smitteverntiltaket har ei medisinskfagleg grunngjeving, er naudsynt av hensyn til smittevernet og for å halde i hevd tilstrekkeleg smittvernkapasitet i kommunen og i helse- og omsorgstenesta. Tiltaket vert difor vurdert som forholdsmessig og teneleg utifrå ei heilskapsvurdering.

Etter kommuneoverlegen si vurdering vil den samfunnsmessige nytta ved smitteverntiltaket overstige den belastning og ulempe for dei tiltaket gjeld. Frivillig medverknad er vektlagt i vurderinga.

Kristin Sekse, kommuneoverlege Midt-Telemark kommune.