Midt-Telemark kommune

Koronavaksine - 4.dose til alle over 80 år

Koronavaksine - 4.dose til alle over 80 år

Folkehelseinstituttet opnar no for at personar som er 80 år og eldre kan få ein ny oppfriskningsdose viss dei sjølv ønsker det. Det vil ikkje bli innkalla til vaksinasjon slik som ved dei førre vaksinasjonane.

Du kan ta 4. dose om du:

1. Har fått 3 dosar koronavaksine OG

2. IKKJE har gjennomgått koronasjukdom etter å ha fått 3.dose.

Det må ha gått minst 4 månader sidan 3.dose med koronavaksine.

 

For å bestille vaksinasjon ring vaksinetlf: 35 05 93 59 eller gjennom helseboka: Helseboka 

Innstramminger, lokal informasjon, smitte og vaksine

Kjære innbyggjar, her kjem oppdatera informasjon om koronasituasjonen i romjula.

Midt-Telemark kommune har ikkje fått påvist ny smitte i romjula. For tida er det ein person i isolasjon, og nokre nærkontaktar er i karantene.

Midt-Telemark kommune har fått svar på dei fleste av testane knytt til smitte ved Sauherad Legesenter på Gvarv, alle negative så langt.

Vi manglar eit par prøvesvar, og reknar med å få desse innan i morgon. Vi informerer om svar så snart det kjem.  

Midt-Telemark kommune har i ettermiddag fått melding om en ny positiv covid-19 test.

Personen er tidligere definert som nærkontakt,  har vært i karantene og er nå satt i isolasjon. Det er ikke behov for ytterligere  smittesporing.

Nærkontaktene som ble testet fredag har alle negative covid-19 tester.

Midt-Telemark kommune har i kveld fått melding om to nye positive covid-19 tester.