Midt-Telemark kommune

Gode koronanyhende

Gode koronanyhende

Klikk for stort bilde Midt-Telemark kommune har per no ingen innbyggjarar med påvist korona smitte og kun nokre få som er definert som nærkontaktar.

Me vil gjerne takke dykk alle for ei framifrå smittevern innsats. Denne gode innsatsen er med på å verne om dei rundt deg, deg sjølv og samfunnet vårt.

I kommunane rundt oss er det smitte og difor må me alle halde fram med det gode arbeidet. Me er viss om at me alle gjer så godt me kan og at omtanken for kvarandre gjev eit godt fundament for vidare innsats.

I førre veke vart det tatt 90 koronatestar. Så langt denne veka er talet 67. Hald fram med å teste dykk dersom du får symptom.

Med helsing

Kristin Sekse

Kommuneoverlege

Siri Blichfeldt Dyrland

Ordførar