Midt-Telemark kommune

Ny smitte i Midt-Telemark kommune

Ny smitte i Midt-Telemark kommune

Midt-Telemark kommune fekk i ettermiddag melding om at ein person har testa positivt på covid-19.

Det gjeld ein elev på 1.trinn ved  Bø vidaregåande skule. Nær familie er testa, med negative svar.

Smittevernlegen har allereie god oversikt og smittesporingsgruppa er i gang. Kartlegginga viser at 41 elevar og 4 lærerar ved skulen er sett i karantene

Alle berørte og aktuelle nærkontaktar vert kontakta av kommunen.