Midt-Telemark kommune

Oppdatering fra kommuneoverlegen - 4. juni

Oppdatering fra kommuneoverlegen - 4. juni

Dei siste vekene har me åpna samfunnet gradvis opp igjen etter lang tid med ganske strenge restriksjonar. Det ser ut til at alle små og store smitteverntiltak har hatt god effekt, og at me derfor ser svært lite smitte både nasjonalt og lokalt. Testing for Covid-19 er stabilt lavt, på trass av auka testkapasitet. I Midt-Telemark var det fram til 26.05.20 testa ca 240 personar, i Nome ca 220, dei siste vekene ingen prositive prøvesvar.   Dette er gledeleg, og gjer at me kan møte sommaren nesten som vanleg, men likevel litt uvant.

 

Sommarferie:

Mange nordmenn vil feriere i Norge i år, og då er det hyggeleg å kunne invitere turistar til kommunane våre. Nye karantenereglar kom rett før pinsehelga, der nærkontaktar til smitta som ikkje er i samme husstand, ikkje treng å vere i karantene, men må testast på dag 3 og 7 etter nærkontakt. For å unngå for stor belastning på helsevesenet i kommunane i sommarferieavviklinga, anbefaler eg at dersom ein er sjuk, vert sjuk på reise, eller er nærkontakt med smitta person, uansett henvender seg til eigen fastlege.

 

Arrangement:

Tradisjonelt er det mange arrangement som blir avvikla om sommaren; alt frå festivalar, utstillingar, idrettsarrangement og loppe- og andre marknader. Alle som vurderer å gjennomføre eit arrangement, bør undersøke med Folkehelseinstituttet sine heimesider for dette først: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/rad-og-informasjon-til-andre-sektorer-og-yrkesgrupper/anbefalinger-ved--store-arrangementer-knyttet-til-koronasmitte-i-norge/?term=&h=1

 

Hugs særleg:

  • For private samlingar, gjeld det råd om max 20 samla, og med minst 1 meters avstand (med unntak av husstandsmedlemmer).
  • Andre arrangement  kan fram til 15.juni ha opp til 50 personar samla, etter 15.juni truleg opp mot 200 personar. Slike arrangement må ha definert arrangør, og skje på offentleg stad.
  • Matservering som buffet er framleis ikkje lov.

 

Ta kontakt med kommunen ved tvil om planlagte arrangement kan gjennomførast.

 

Det viktigaste me alle kan gjere, er å vaske hender og halde avstand i det daglege, samt følgje med på informasjon frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet; https://www.fhi.no/ og https://helsenorge.no/koronavirus

 

 

Mvh Kristin Sekse, kommuneoverlege i Nome og Midt-Telemark