Midt-Telemark kommune

Oppdatering fra kommuneoverlegen 6.mai

Oppdatering fra kommuneoverlegen 6.mai

Det er i dag meldt om eitt tilfelle av mogleg koronasmitte i Midt-Telemark kommune. Me ventar på bekreftande svar frå laboratoriet, og forventar endeleg tilbakemelding i morgon. I mellomtida blir pasienten dette gjeld, behandla som om det er smitte.

Klikk for stort bilde

 

 

 

 

Kva skjer?


Mange lurer på kva som skjer når nokon i området er smitta, og korleis kommunen følgjer opp dette.

  1. Kommuneoverlegen får telefon med beskjed om kven som er smitta.
  2. Smittesporingsgruppa startar arbeidet umiddelbart etter positivt svar på prøve.
  • Smittesporingsgruppa tek kontakt med den smitta og startar å  kartlegge nøye alle moglege nærkontaktar til den smitta. Nærkontaktar er definert som alle som har vore saman med personen med mindre enn 2 meters avstand, i meir enn 15 minutt,  sidan dagen før personen utvikla symptom (feber, hoste, tungpust f.eks).
  • Sporingsgruppa tek også kontakt med arbeidsplassen til den smitta, dersom dette er aktuelt, og informerer om smitte. Arbeidsplassen vil også  følgje opp informasjon om eventuelle nærkontaktar.
  • Vidare blir alle nærkontaktar sett i karantene, og får nøye instruks om å la seg teste dersom dei utviklar luftvegssymptom.

Bekymring


Mange blir bekymra når det kjem beskjed om smitte i området. I slike situasjonar erfarer me at rykte spreier seg  svært raskt. Det er derfor viktig at alle er klar over følgjande:

  1. Kommunehelsetenesta handterer smitte, smittesporing og oversikt over dette, og at både dei som er smitta og nærkontaktar, blir følgt opp.
  2. Ved mistanke om brot på karantenereglane er det politiet som skal ha beskjed om dette.

Hald deg oppdatert


Eg vil oppfordre alle til å framleis følgje med på råd og retningslinjer på www.fhi.no eller www.helsenorge.no , samt oppdateringar på heimesidene til kommunen. Her er det god, faktabasert informasjon om smittesituasjonen, nasjonalt og lokalt.  

Unngå å delta i ryktespreiing! For dei som faktisk er smitta, eller er i karantene fordi dei har vore i nærkontakt med smitta, er dette ei belastning i seg sjølv, og bør ikkje utsetjast for spekulasjonar i tillegg.

Tak vare på deg sjølv og dei rundt deg.
Vask hendene
Hald avstand


Kristin Sekse, kommuneoverlege