Midt-Telemark kommune

Oppdatering frå ordføraren 30. oktober

Oppdatering frå ordføraren 30. oktober

Kjære innbyggjarar i Midt-Telemark kommune.

Kriseleiinga i kommunen held frem med møte kvar torsdag.

Det er ikkje meldt om nye tilfeller med påvist korona denne uka.

Vi følgjer heile tida med på den lokale situasjonen og dei nasjonale føringane som kjem.

Kommunen har ingen eigne, lokale begrensninger per no. Dette gjeld og for reiser innalands. Du kan reise kor du ønskjer i Noreg om du følgjer råda for å unngå å spreie smitte.

Me er alle ansvarleg for å følgje smittevernråda. Les om å reise innalands her: https://www.helsenorge.no/koronavirus/reiser-innenlands/

Eg ynskjer dykk ein god haustdag.

Med helsing

Siri