Midt-Telemark kommune

Oppdatering frå varaordførar 13. august 2020

Oppdatering frå varaordførar 13. august 2020

Kjære innbyggjarar.

Status korona torsdag 13.08

Det er framleis ikkje registrert smitte i kommunen vår.

Testkapasiteten er auka. Den kommunale koronatelefonen er i drift igjen med nummer 35 05 93 59. Ynskjer du å teste deg eller treng informasjon så ring det nummeret, du treng ikkje å ringe fastlege fyrst. Hittil i denne veka har omlag 100 personar blitt testa, 70 av dei i Bø og 30 på Gvarv.

Denne veka har fyrste pulje med studentar ved USN starta opp. Det er alltid triveleg å få nye kull med studentar til bygda. I år er det litt utanom det vanlege på grunn av pandemien og risiko for smitte. Administrasjonen i Midt-Telemark kommune har hatt møte med USN og Kroa. Dei har god oversikt over arrangement og godt med vakter. Studentane blir anbefalt å ha mindre arrangement og det ser ut til at dei tar ansvar for å møtas på ein trygg måte. Sagavoll startar opp til veka og har utarbeida gode rutiner for smittevern.

Omsynet til smittespreiing gjer at det ikkje blir utleige av kommunale bygg og areal til private arrangement framover. Frivillige organisasjonar kan leige kommunale areal til aktivitetar. Dei må sette seg inn i nasjonale føringar og vise korleis dei tenkjer å oppfylle krava for m.a. reinhald etter bruk. Standardprosedyrar for reinhald skal ligge ved leigekontakten til leigetakarar. Det er ikkje tilgang til garderobene.

Krisesleiinga vil minne om at det nasjonalt ikkje blir anbefalt å reise til område der det er smitteutbrot. Alle har eit ansvar for å sikre at smitte ikkje spreias og unødvendig reising er fraråda. https://helsenorge.no/koronavirus/reise…

Det er mange som har spørsmål om reglar og anbefalingar i samband med pandemien. Ein kan sjølv finne svar på det meste på nettsida til Folkehelseinstituttet. På den måten får ein korrekt og oppdatert informasjon og ein avlastar dei lokale smittevernarbeidarane.
www.fhi.no
https://helsenorge.no/

Beste helsing
Ingebjørg Nordbø
varaordførar Midt-Telemark kommune