Midt-Telemark kommune

Oppdatering frå varaordførar 15. mai

Oppdatering frå varaordførar 15. mai

Kjære alle i Midt- Telemark kommune
Her er status fredag 15. mai.

Kommuneoverlegen melder at det framleis ikkje er registrert smitte i kommunen vår.

Åpninga av skulane 5. til 10. klasse har gått bra. Det er ikkje anna enn normalt fråvær.
Det har vore utfordringa med skuleskyss, særleg i Sauherad-delen av kommunen. Det blir da for mange på bussane i forhold til krava til avstand. Fint om dei som kan sykle eller få transport på anna vis gjer det. Det blir jobba med å få større kapasitet på skuleskyssen.

Nok ein gong har det vore hærværk på Bø skule og på Sauherad barne og ungdomsskule. Dette medfører mykje arbeid på Bø skule og hendinga på Sauherad skole er så alvorleg at det er politianmeldt. Tettare vakthold blir gjennomført. Om foreldre eller andre ser noko, må dei melde frå til politiet.

Sjukehusa er tilbake i tilnærma normal drift for behandling.

Da vil eg ønskje alle ein god 17. mai! Husk at me framleis skal ha avstand til kvarandre, men det er ekstra viktig å vise omsut på nasjonaldagen vår.

Beste helsing
Ingebjørg Nordbø
varaordførar