Midt-Telemark kommune

Oppdatering frå varaordførar 7. august 2020

Oppdatering frå varaordførar 7. august 2020

Kjære innbyggarar 
Her er status korona fredag 7. august.

Me har fortsatt ikkje nokon tilfeller med påvist smitte i kommunen vår.
Ein innbyggjar i Midt-Telemark kommune testa positivt på Covid-19. Det viser seg imidlertid at vedkommande har folkeregistrert adresse i Bø, men som har opphaldt seg i annen kommune sidan i mars i år. Vedkommande har altså ikkje opphaldt seg i Midt-Telemark kommune på fleire månader, og smittesporing i vårt område er difor ikkje aktuelt. Dette er avklart både med vedkommande som er smitta, samt Folkehelseinstituttet.

Forrige veke blei 48 personar testa.

Kommunane planlegg for at testing skal gjeras i minst eit år framover. Dette vil kreve at ein har ein meir permanent stad for prøvetakinga. Me må vurdere om det er nok med ein stad for testing i kommunen. Lokala for testing treng ikkje være på/ved legesentra. Drive-in testing kan vere ei god ordning som supplement.

Om det skulle bli behov for smittesporing er det viktig at alle tek telefonen, sjølv om det ringer frå ukjent nummer. Det kan vere smittesporingsteamet som treng å få tak i deg. 

Pårørande til bebuarar på institusjonar som har vore i utlandet, må vente 10 dagar før dei besøkjer institusjonane. Alle besøk må avtalas på førehand.

Me planlegg for meir omfattande vaksinering mot den sesongbaserte influensaen. Særleg viktig at dei som jobbar innanfor helse og oppvekst vaksinerar seg. Omsynet til andre er det som blir viktig framover. ❤️

Oppstart går som planlagt for skulane. Alle skulane startar på gult nivå, men er klare for gå til rødt om smittesituasjonen skulle endre seg. Elevane kan ta buss som vanleg. Dette gjeld også dei som skal på leirskule nå i august.

Kommunen har fått statlege midlar som er øremerka til utsette grupper. Tiltaka skal motverke den sosiale isolasjonen som sårbare innbyggjarar opplever under pandemien.

Da vil eg ønskje alle ei god helg. Nyt det gode sommarveret!

Ingebjørg Ø. Nordbø
varaordførar