Midt-Telemark kommune

Oppmoding frå ordførar og kommunedirektør

Oppmoding frå ordførar og kommunedirektør

Kjære innbyggjarar og andre

Me ynskjer å kome med ei oppmoding i samanheng med smitteutbrota me har hatt, har og mogleg får i kommunen vår.

Ordfører og kommunedirektør i Midt-Telemark kommune - Klikk for stort bilde Ny smitta meldt i går
Midt-Telemark kommune fekk i går melding om eit nytt smittetilfelle. Ein person hadde positiv covid-19 test (dette er same person som me meldte om i går, kun 1 totalt). 50 definerte nærkontaktar er satt i karantene og testast i dag og i morgon. Bø vidaregåande skule har gjort ein god jobb med informasjon til elevar og tilsette, og har vore gode til å samarbeide med kommunens smittesporingsgruppe.

Vær raus
Covid-19 er smittsamt, det veit me. Me vil oppfordre dykk alle til å være gode og rause med kvarandre, også når me opplever smitteutbrot i kommunen vår. I tida me er inne i må me vere førebudd på at smittetilfelle kjem. Ver varsam med å snakke ned eller kome med nedsetjande utsegn om enkeltpersonar eller grupper i kommunen vår på bakgrunn av smitte. Me skjønar at smitteutbrot kan gje engstelse, redsel og sinne, men det gjev ikkje rett til å uttale seg negativt om andre.

Som ordførar og kommunedirektør er me vane med kritiske tilbakemeldingar til kommunen. I eit demokrati er det ei viktig kjelde for utvikling, alle skal bli høyrde. Men me godtek ikkje nedsetjande innlegg og ytringar på kommunens facebookside som rettar seg mot enkeltpersonar eller grupper. Me oppmodar til ikkje å gjere det ellers heller.

Vi ynskjer derfor å leggje til eit ekstra punkt til reglane om smittevern:

• Vask hendene

• Hald avstand

• Vær gode og rause med kvarandre

Med helsing

Siri Blichfeldt Dyrland
Ordførar

Per Dehli
Kommunedirektør