Midt-Telemark kommune

6. mars 2020 - Oppdatering fra kommuneoverlegen

6. mars 2020 - Oppdatering fra kommuneoverlegen

I løpet av veka har det vore mange som har testa positivt for koronavirus-sjukdom i Noreg. Helsedirektoratet melder 05.03.20 kl.18.00 at det er rapportert om 86 tilfelle i Noreg. 67 er smitta utanlands, og 16 er nærkontaktar av bekrefta tilfelle. Det er ikkje meldt om tilfelle med alvorlege symptom.

I Midt-Telemark kommune har det vore testa 1 person med negativ test. I tillegg har det i dag blitt teke 2 prøver som det ikkje er svar på ennå; ein av dei med symptom etter opphald i område med smittespreiing, og ein som kanskje har vore i kontakt med person med positiv prøve. Personane som blir testa, vert sett i karantene saman med familiane sine, i påvente av prøvesvar.

I Nome kommune har ein person testa negativt etter opphald i utlandet, og ein person er i karantene utan symptom etter opphald på OUS øyeavdeling.

Etter nye retningslinjer som kom 01.03.20, vert dei som arbeider i helse og omsorg i kommunane, og som har opphalde seg i område med vedvarande smittespreiing, bede om å ikkje arbeide med pasienter i 14 dagar etter heimkomst.

Hovudoppgåva no er å prøve å avgrense spreiing av viruset. Dersom epidemien går over i ein fase der det ikkje lengre er mogleg å avgrense spreiinga, må ein førebu dette godt. Derfor er kommunar og fylke no i beredskap, slik at samfunnet skal fungere best mogleg sjølv om  mange tilsette skulle bli sjuke samtidig. Det er særleg viktig å hindre at eldre og kronisk sjuke blir smitta, då koronaviruset vil kunne medføre alvorleg sjukdom for desse.  

Mange uroar seg for om dei kan vere smitta, og eventuelt om dei kan ha smitta andre. Kommunen held seg strengt til råda som er gjeldande til eikvar tid frå Folkehelseinstituttet, blant anna fordi det er svært avgrensa lager av smittevernutstyr. Det inneber følgjande: ( www.fhi.no )

 

Definisjon av et mistenkt tilfelle:

  • Pasientar med akutt luftvegsinfeksjon med minst eitt av følgjande symptom: Hoste, kortpusta, feber, og som i løpet av dei siste 14 dagane før symptoma kom, oppfyller minst eitt av følgjande kriteria:
  • Har vore i Områder med vedvarende spredning av koronaviruset (utbreidd i enkelte regionar i fastlands-Kina, Iran, Sør-Korea og regionar i Nord-Italia. Spreiinga reknast å vere LOKAL i Hong Kong, Singapore og Japan. Opphald kun på flyplass i desse områda er rekna for å vere lav risiko og gjen i hovudregel IKKJE grunnlag for testing eller arbeidsrestriksjonar.
  • Har vore i nærkontakt med eit bekrefta tilfelle av korona-virus infeksjon (SARS-CoV2).

Det inneber også at følgjande personar IKKJE skal testast, slik retningslinjene er akkurat no:

  • Personar som har symptom, men som ikkje har vore på aktuelle stader med smittespreiing.
  • Personar som har vore i nærkontakt med personar som har opphalde seg i område med smittespreiing, men som ikkje har hatt symptom, eventuelt før dei har fått symptom.
  • Personar som er i familie med, eller har vore på skule eller i barnehage med- personar som ikkje har hatt symptom, men som anten er i karantene og/eller har blitt testa fordi dei har utvikla symptom.

Hovudregelen er at personar som ikkje har symptom, ikkje er rekna å vere smitteførande.

Merk at dette kan endrast; det er Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet som har oversikt over situasjonen, og kan endre retningslinjene raskt dersom situasjonen nasjonalt tilseier det.

 

Informasjon for befolkninga frå Helsedirektoratet:

Du finn informasjon og konkrete råd om koronaviruset på våre nettsider og på helsenorge.no. Dersom du ikkje finn svar på det du lurer på, kan du ringe informasjonstelefonen på 815 55 015.

Dersom du trur du er smittet, ring fastlegen din. Hvis du ikkje får tak i fastlegen, ring legevakt på 116117.

Helsedirektoratet har laga ein informasjonsfilm om koronaviruset: https://youtu.be/3YFsvj00134

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/rad-og-informajon-til-befolkningen-om-nytt-koronavirus-coronavirus-2019-nco/

 

Kristin Sekse
kommuneoverlege Nome og Midt-Telemark

 

 

 

-Det første bekreftede smittetilfellet er konstatert i Norge, og vi har må forvente at vi får smitte også til vårt område. Dette må vi som befolkning være forberedt på, helsevesenet planlegger for øyeblikket for alle eventualiteter, sier kommuneoverlege Kristin Sekse. 

3 gode råd fra kommuneoverlegen:

  1. Følg fra Folkehelseinstituttet på www.fhi.no
  2. Ved mistanke om og symptom på influensa/ Korona-smitte ring legekontoret eller legevakt (116117) først av alt. NB: Det gjeld folk som har vært i deler av verden som har fått bekrefta Korona-virus.
    Ikke ring nødnummeret.
  3. Vask hendene godt. Bruk antibac. Host i albuen og ikke i hendene.

For oppdatert informasjon om koronaviruset, se her:

 

Folkehelseinstituttet

Helsedirektoratet

Klikk for stort bilde

Klikk for stort bilde

Jobbar du med reisande? sjå her:

 

     

Informasjon til reisende

Informasjon til reisende, fra Helsedirektoratet.

Klikk for stort bilde