Kjære innbyggjarar
Det er ikkje påvist ny smitte i kommunen.
I dag fekk me ny informasjon om tiltak for å hindre koronasmitte.
Tiltaka er no mjuka opp for barn og unge. Ungdomsskular og vidaregåande skular blir justert ned frå raudt til gult nivå. Det betyr at elevar kan vere meir sosiale på skulen. Det vert også opna for lokale idretts- og fritidsaktivitetar igjen. Tilrådinga om digital undervising på universitet og høgskolar er framleis gjeldande.
Me skal halde fram med å ha mindre sosial kontakt. Regjeringa oppfordrar oss til å møtast utandørs, og ikkje ha besøk av fleire enn 5 gjester.
Det nasjonale skjenkeforbodet blir vidareført inntil vidare.
Du kan halde deg oppdatert på dei nye råda her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/pm-18.1/id2828908/
Kva har dette å seie for Midt-Telemark kommune?
Midt-Telemark kommune følgjer dei nasjonale råda.
Heimekontor og teams
Midt-Telemark kommune tilrår heimekontor for dei tilsette der dette er mogleg. Avtal dette med din leiar. Bruk Teams til å gjennomføre møte.
Telefon og epost
Bruk telefon eller epost for å komme i kontakt med saksbehandlar i kommunen. Du kan søkje etter navn, telefonnummer og epost her:
https://midt-telemark.kommune.no/AnsattOversikt.aspx?MId1=3807&MId2=6286
Opningstider på kommunale administrasjonsbygg
Teknisk: Stengt for publikum. Ta kontakt på telefon eller epost
Helseadm: Stengt for publikum. Ta kontakt på telefon eller epost
Senter for Kvalifisering og Inkludering: Servicetorget er ope etter avtale. Ta kontakt på telefonen eller ring på utanfor.
NAV: Ope i Bø frå kl. 12:00- 15:00 mandag, onsdag og fredag.
Kommunehuset: Servicetorget (døra) frå kl. 09.00 – 15.00
Sentralbordet frå kl. 09.00-14.00
Skulane
Barne -og ungdomsskulane, vidaregåande skule og læringssenteret på Akkerhaugen driftast på gult nivå.
Kulturskule og korps
Det er normal drift slik som før jul på kulturskulen og i korpset.
Skulehelsetenesta
Normal drift
Ung Arena
Dei sosiale møteplassane opnar frå og med mandag 25. januar. Sjå lenka for meir informasjon:
https://midt-telemark.kommune.no/finn-tjeneste/helse-og-omsorg/aktiv-fritid-mestring-og-tilrettelagt-dagtilbud/ung-arena/
Samtaletilbodet er ope, ta kontakt!
Dagtilbod
Ope
Frisklivssentralen
Opnar for utandørs trening denne veka. Følg med på facebooksida:
https://www.facebook.com/frisklivMidtTelemark
Eller ta kontakt på 40914128 / frisklivsentralen@intk.no
Legekontor
Har vanlege opningstider
Institusjon og omsorgboligar
Me oppfordrar til å avgrense talet på besøk, og til å ikkje komme om du er sjuk.
Beste helsing frå
Siri (ordførar) og Kristin (kommuneoverlege)