Midt-Telemark kommune

INFORMASJON OM MIDLERTIDIG KARANTENE

INFORMASJON OM MIDLERTIDIG KARANTENE

I samband med at fleire personar i kveld har blitt meldt som nærkontaktar til ein smitta person, og ein vurderer at risikoen for smitte er relativt høg, blir fleire klasser ved Bø skule sett i midlertidig karantene fredag 25.09 i påvente av svar på Covid-19-test. Endeleg svar vil vere klart tidlegast laurdag 26.09, og nærmare informasjon vil bli gitt til alle berørte då.

Viktig! Alle som er moglege nærkontaktar vil bli kontakta dersom det skulle vise seg å vere smitte.

Mvh Kristin Sekse, kommuneoverlege i Midt-Telemark og Nome