Midt-Telemark kommune

Karantena kan avsluttast

Karantena kan avsluttast

Beskjed frå laboratoriet i dag om at dei aktuelle elevane ved Bø skule har testa negativt for Covid-19. Ein person med tilknytning til elevane har testa positivt, får oppfølging, og smittesporing er avslutta for dette tilfellet. Alle aktuelle nærkontaktar er informert.


Dei berørte klassane kan derfor avslutte karantene umiddelbart.
 

I og med at det no er funne smitte i Bø, vil det vere svært viktig at alle er særleg merksame på luftvegssymptom, og let seg teste sjølv ved milde symptom, frå og med  mandag. Ta kontakt med koronatelefonen til kommunen for test, eventuelt.
35 05 93 59 eller send melding til 908 30 217

Hugs at det er viktig å

  • Halde avstand
  • Holde god handhygiene
     

VIKTIG PÅMINNING:
Det er KUN dei som har vore i nær kontakt med smitta person, som er definert som nærkontakt. Dei som har hatt kontakt med nokon som er nærkontaktar, eller bur saman med ein nærkontakt, treng ikkje vere i karantene.

 

Mvh Kristin Sekse, kommuneoverlege i Midt-Telemark og Nome