Midt-Telemark kommune

5. Kva er måla med planarbeidet og kva problemstillingar skal adresserast?

Planprogram Kommunedelplan for Lifjell 2023-2033

5. Kva er måla med planarbeidet og kva problemstillingar skal adresserast?

Formålet med denne rulleringa av kommunedelplanen for Lifjell er ein full revidering av planen. Ein kan både komma med endringsforslag til eksisterande arealformål, som per i dag ikkje er detaljregulert, og foreslå nye arealformål og heilt nye utbyggingsområde. Ein har òg høve å fremme forslag til endring av føresegner ved denne rullering av planen.

Eit sentralt formål med planarbeidet er å vurdere om det bør gjerast endringar i sti- og løypetraséar eller heistraséar som ikkje inngår i reguleringsplanar. Det er òg eit formål med planarbeidet å vurdere alternativa for områda som er sett av til sentrumsformål i gjeldande plan. I samband med dette kan det gjerast ei vurdering av parkeringsbehovet og lokalisering av parkeringsareal.

Gjeldande kommunedelplan er frå 2014, og sidan den gong har det komme fleire endringa i nasjonale føringar til kommunal planlegging. Dette må leggast til grunn for arbeidet med denne revideringa av planen og ville kunne medføre endringar i ikkje realiserte byggeområde i kommunedelplanen. Det vil si at ikkje realiserte byggeområder i gjeldande plan kan måtte tilbakeførast til LNF-område med bakgrunn i ny kunnskap og nye føringar. Det kan for eksempel være utifrå omsynet til naturmangfald, myr eller liknande. Ein slik gjennomgang ville også gjerast med bakgrunn i reell behov. Ein må ikkje legge opp til ei større utbygging enn det er reelt er behov for. I planarbeidet skal det òg vurderast om det er naudsynt med ei byggegrense mot fjellet.

Det er vidare eit formål å vurdere føresegna om utnytting, høgder og utforming. I planarbeidet bør det òg vurderast om det er kan vera nødvendig med ei utleigeplikt for enkelte utbyggingsområde.

Både samfunnsdelen, med tydelege arealstrategiar, og arealdelen er forholdsvis nye planar og bør vera eit godt utgangspunkt for ein effektiv planprosess. Det har likevel vist seg eit stort behov for å samla aktørane rundt utviklinga av Lifjellområdet, og ikkje minst bygga tillit, stadsidentitet, framtidstru og optimisme i denne planprosessen. Det blir derfor lagt opp til ein romsleg framdriftsplan (kap. 9), som gir god tid til diskusjonar i dei ulike aktørgruppene, framfor ein stram framdriftsplan. Det er eit mål med planprosessen at alle som ønsker det får høve til å bli høyrt, både av dei tilsette i kommunen og politikarane i kommunen. Samtidig skal planprosessen verke ryddig og forståeleg, der interessene til fellesskapet vektast høgt, og der det er godt samsvar mellom vedtatt mål på lokalt og regionalt nivå, og arealbruken som blir vedtatt. Slagordet til kommunen «Vi skaper framtida saman» - « Saman skal kommune, næringsliv, kompetansemiljø og innbyggarar skapa framtida i ein region i sterk utvikling», vedtatt i kommuneplanens samfunnsdel, skal òg vera ein raud tråd i denne planprosessen.