Midt-Telemark kommune

9. Korleis skal vi vurdera konsekvensane av planforslaget?

Planprogram Kommunedelplan for Lifjell 2023-2033

9. Korleis skal vi vurdera konsekvensane av planforslaget?

Som ein del av planarbeidet skal det utarbeidast ei konsekvensutgreiing (KU) som beskriv kva verknader planen kan ha for miljø og samfunn jf. plan- og bygningslova §4-2 og KU-forskrifta. Dette kravet omfattar nye område for utbygging med vesentleg endra arealbruk og planforslaget samla. Risiko- og sårbarheitsanalysen jf. DSBs rettleier om samfunnstryggleik i arealplanlegging vil inngå som ein del av konsekvensutgreiing.

Utgreiinga skal setja søkelys på:

·        Viktige miljø- og samfunnsverdiar i foreslått utbyggingsområda, deriblant for natur og friluftsliv, naturmangfald, mineralressursane, verneverdiane knytt til vassdrag

·        Kva verknader utbygginga kan få for desse verdiane

·        Kva eventuelle mildnande tiltak ein kan gjera for å mildna negative verknader

Utgreiinga skal i utgangspunktet vera basert på eksisterande kunnskap. I enkelte tilfelle kan det likevel vera behov for å henta inn ny informasjon, til dømes gjennom ei synfaring av området.

Alternativ vil bli greidd ut der det er behov. Det kan vera aktuelt å vurdera om nye forslag kan erstatta eksisterande.

Metode for konsekvensutgreiing:

Miljøverndepartementet (MD) sin rettleiar «Konsekvensutgreiingar – kommuneplanens arealdel» (2012) skal nyttast som grunnlag for analysen. Rettleiaren vektlegg at det blir gjort ei vurdering av kva konsekvensar det aktuelle innspelet/endringa får med fokus på strategiske problemstillingar og tema. Utgreiinga skal gje eit godt nok grunnlag for å avgjere om det aktuelle området er eigna til foreslått arealbruk.

Kvart tema og innspelsområde skal få ein verdi (på ein skala frå 1-3) og eit omfang (på ein skala på 1-3). Ved vurdering av omfang skal det gjerast ei heilskapleg vurdering, basert på avgrensing av området, føremålet med innspelet, topografi, omtale av verdi og lokalkunnskap. Vurderingane skal gjerast opp mot 0-alternativet, som legg til grunn at dagens planar og arealføremål kan byggast ut, medan framtidige planar ikkje blir utbygde. Konsekvensen av inngrepet er summen av verdien og omfanget.

Det skal gjerast ei samla vurdering av konsekvens basert på resultata av vurdering av konsekvens for dei einskilde tema, fagleg skjønn og lokalkunnskap, samt ei vurdering av korleis området passar med overordna arealstrategiar. I konklusjonen blir det nytta tre kategoriar: 1) Tiltaket kan tilrådast, 2) Tiltaket kan tilrådast, men i planprosessen bør det gjerast grep og/eller endringar til dømes i form av reduksjon av areal, rekkjefølgjekrav, dokumentasjonskrav mm., 3) Tiltaket kan ikkje tilrådast.

Metode for ROS-analyse:

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) sin rettleiar «Samfunnssikkerhet i kommunenes arealplanlegging» (2017) skal nyttast som grunnlag for analysen. Føremålet med ei ROS-analyse er å bidra til tryggleik for liv, helse og eigedom, og å bidra til å sikre samfunnets evne til å fungere teknisk, økonomisk og institusjonelt, og hindre ei utvikling som truar viktige føresetnader for dette. På dette plannivået vil ein nytta tilgjengelege datakjelder, som i liten grad er supplert med ny informasjon. At det er gjennomført ei ROS-analyse på kommuneplannivå betyr ikkje at eit område er godt nok utgreidd i samband med detaljregulering, men det gjev ein peikepinn på kva risikoar som me veit er i området, og at ein ut i frå dette vurderer om ei utbygging vil kunne vere mogleg eller ikkje bør tilrådast.