Midt-Telemark kommune

Viktig melding - Vanlig informasjon til innbygger

Hovedprosjekt Bygdepakke Midt-Telemark

Hovedprosjekt Bygdepakke Midt-Telemark

Bygdepakke Midt-Telemark er eit utviklingsprosjekt med mål å oppnå nullvekst i personbiltrafikken gjennom Bø sentrum og å inspirere fleire til å sykle, gå og reise kollektivt i og mellom attraktive stader i Midt-Telemark.  

Prosjektet er tverrfagleg og er basert på samarbeid og spleiselag på tvers av etatar og forvaltningsnivå med Jernbanedirektoratet, Fylkesmannen i Telemark, Statens vegvesen, Bane NOR og Telemark fylkeskommune. Prosjektet samarbeider også med ulike aktørar som til dømes Distriktssenteret, Transportøkonomisk institutt, Universitetet i Søraust-Noreg, Sentrumsringen i Bø, grunneigarar, skular, institusjonar og frivillige organisasjonar.  

Klikk for stort bilde

Bygdepakka og Sykkelbygda har fått mye merksemd både lokalt, regionalt og nasjonalt - ikkje minst gjennom forskingsprosjektet "Bygdepakke Bø. Et forprosjekt om utvikling av klimavennlige og attraktive bygder" (TØI, 2017), "Bø stasjon 2030. En mulighetsstudie"(Rambøll 2017), opprustinga av Stasjonsvegen i Bø sentrum (SVV/Tfk 2017) – og ein etterlengta gang- og sykkeltrasé langs Rv 36 mellom Bø og Gvarv som er under planlegging med realisering tidleg på 2020-talet. Samla sett har dette ført til meir fokus på helhetlig areal-, transport- og mobilitetsplanlegging i små byar og på mindre stader, men også auka interesse for å endre reisevanar hos innbyggarane. 

Prosjektet har vore gjennom forstudie- og forprosjektfase, og vi gjennomfører no hovudprosjektet. Hovudprosjektet er organisert i 14 arbeidspakker, sjå hovudprosjektplan (PDF, 2 MB):

  1. Prøv ein elsykkel! 
  2. Temaplan for sykkel Bø kommune
  3. Sykkelkampanjar Bø og Sauherad 
  4. Temaplan for sykkel Sauherad kommune 
  5. Mulighetsstudie - fortettingspotensiale Gvarv
  6. Utvikling av kollektivknutepunkt i Sauherad kommune 
  7. Parkeringsstrategi for Bø sentrum 
  8. Forprosjekt Bø stasjon  
  9. Mulighetsstudie Bøgata – utforming og funksjon
    Mulighetsstudie Bøgata sluttrapport (PDF, 11 MB)
  10. Måltal for sykkel, gange og kollektivbruk 
  11. Mobilitetsstrategi for Midt-Telemark – eit forstudie
  12. Forskingsprosjektet Tettstedpakker for attraktiv, inkluderende og klimavennlig stedsutvikling 
  13. Rettleiar for fortetting og offentlege rom 
  14. Strategi, styring og kommunikasjon (prosjektleiing) 

Kontakt

Hilde Pedersen
Kultursjef
E-post
Mobil 957 04 048
Sindre Flø
Prosjektleder kultur og fritid
E-post
Telefon 35 05 92 27
Mobil 958 47 525
Kristin Karlbom Dahle
Kommuneplanlegger
E-post
Mobil 915 27 229