Midt-Telemark kommune

Tidlegstemming 1.juli - 9. august

Tidlegstemming 1.juli - 9. august

 

  • Tidlegstemming startar 1. juli og er for veljarar som ikkje kan avgje stemme i perioden for førehandsstemming (10. august - 8.september) eller på valtinget (11. september). 
  • Du kan ikkje stemme på nytt på valdagen om du har førehandsstemt/tidlegstemt, og du kan heller ikkje førehandsstemme fleire gonger.
  • Stemmesetlane med kandidatnamn er ikkje klare til tidlegstemminga. Du bruker ein generell stemmesetel med alle partinamna og krysser av for kva parti du ynskjer å stemme på. 


Avtal tid 

Du må avtale tid for å førehandsstemme. Kontakt servicetorget, sjå kontaktinformasjon til høgre.
Du treng ikkje valkort, men hugs å ta med deg legitimasjon.

Tidlegstemminga er på kommunehuset i Bø, Bøgata 67, 3800 Bø i Telemark.

Kontakt

Servicetorget
E-post
Telefon 35 05 90 00

Telefonen er åpen mandag til fredag fra kl. 09.00 - 14.00

Adresse
Bøgata 67
3800 Bø i Telemark