Midt-Telemark kommune

Ambulerande stemming

Ambulerande stemming

Om du på grunn av sjukdom, uføre eller isolasjonsplikt som følgje av covid-19 ikkje kan avgje stemme der det haldast førehandsstemming, kan du etter søknad til valstyret i Midt-Telemark kommune avgje førehandsstemme heimefrå.

 

Om du har behov for å førehandsstemme heimefrå vil to valmedarbeidarar kome dit du oppheld deg slik at du får stemt.
Du vil da få utdelt ein stemmesetel for kvar liste som stiller ved valet.

Stemmesetlar som ikkje blir brukt, leggjast i ein konvolutt som blir limt att, og du kan behalde konvolutten med dei ubrukte stemmesetlane. Dette er for i sikre at du gjer eit hemmeleg val.

Det er ikkje eit krav til at du må oppgje orsak til kvifor du ønskjer å stemme heime, men om du er i karantene eller isolasjon grunna covid-19 må valmedarbeidarane vite dette slik at dei kan ta førehandsreglar.

Søknadsfristen for å søkje om å stemme heimefrå er den 10. september 2021 kl. 10.00.

Ta kontakt med servicekontoret i Midt-Telemark kommune for nerare avtale. Sjå kontaktinformasjon til høgre.

Kontakt

Servicetorget
Sentralbord
E-post
Telefon 35 05 90 00
Jeanett Kaasa
Konsulent servicetorget
E-post
Telefon 482 61 651

Kontakt ved spørsmål om salg-, skjenk- og serveringsbevillinger, kunnskapsprøver, etablererprøver, TV-aksjon, valg og kommunal vigsel.