Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Frå tysdag 10. august til og med fredag 10. september kan du førehandsstemme i kven som helst kommune i landet.
Det er viktig å hugse på at det ikkje er mogleg å angre på stemminga. Det betyr at dersom du førehandsstemmer, så kan du ikkje stemme på nytt, heller ikkje på valdagen.
Viss du førehandsstemmer i ein anna kommune enn den du er folkeregistrert i, må du hugse på at stemmesetelen din må nå fram til heimkommunen din i posten innan tysdag 14. september kl. 17.00.
Hugs å ta med deg legitimasjon (pass, bankkort med bilete eller førarkort) og valkort om du har.
Her kan du førehandsstemme
Servicetorget på kommunehuset
10. august - 3. september
Måndag - fredag kl. 09.00 - 15.00
Laurdag 4. september kl. 12.00 - 16.00
6. - 9. september
Måndag - torsdag kl. 09.00 - 18.00
Fredag 10. september kl. 09.00 - 15.00.
Institusjonar
Desse tilboda er for bebuarar og tilsette
Bø sjukeheim
Måndag 30. august kl. 10.00 - 12.00
(Det vart annonsert feil dato og klokkeslett i avisa)
Sauherad bygdeheim
Tysdag 31. august kl. 10.00 - 12.00
Furuheim og Furumoen
Onsdag 1. september kl. 10.00 - 11.00 - Furumoen
Onsdag 1. september kl. 12.00 - 13.00 - Furuheim
Skular
Desse tilboda er for studentar og tilsette
Universitetet i Sørøst-Norge
Onsdag 25. august kl. 10.00 - 14.30
Sagavoll folkehøgskole
Torsdag 26. august kl. 12.00 - 14.00