Om stortingsval
Kvart fjerde år er det stortingsval. Ved stortingsvalet skal det veljast 169 kvinner og menn til Stortinget. Desse blir valde frå heile landet og frå fleire ulike politiske parti.
I Noreg har vi demokrati, som betyr at det er folket som bestemmer. Når det er stortingsval er det folket som bestemmer kven som skal sitte på Stortinget.
Om sametingsval
Sametinget er det samiske folkets folkevalde parlament i Noreg og er eit sjølvstendig folkevald organ.
Sametingsvalet haldast kvart fjerde år på same dagen som stortingsvalet. Det er 7 valkretsar som dekkjer heile landet, kvar valkrets får tildelt mandatar etter antal manntalsførte i kretsen. Til saman veljast det 39 representantar frå heile landet.
Sametinget er øvste valmynde til sametingsvalet. Meir informasjon om Sametinget og sametingsval finn du på www.sametinget.no.
Stemmerett
For å kunne stemm til sametingsvalet må du vere registrert i Sametingets valmanntal. For å stemme til sametingsvalet må du ha fylt 18 år innan utgongen av valåret. Når du registrerer deg må du avgje erklæring om at du oppfattar deg sjølv som same, og at du anten har samisk som heimespråk eller har hatt forelder, besteforelder eller oldeforelder med samisk som heimespråk eller at du er barn av ein person som står eller har stått i valmanntalet.
Om du har registrert deg i Sametingets valmanntal innan 30. juni i valåret, så har du stemmerett ved valet.
Om du er same frå Sverige, Finland eller Russland, så må du ha vore folkeregistrer i Noreg dei tre siste åra før du kan registrere deg inn i Sametingets valmanntal.
Registrere deg inn i Sametingets valmanntal
På Sametingets nettsider finn du elektronisk registreringsskjema. Du må bruke ID-porten ved innlogging.
Du finn også registreringsskjema i papirformat. Denne fyller du ut og sender til Sametinget, Ávjovárgeaidnu 50, 9730 Karasjok.
Om du sender pr. post, må den vere hos Sametinget innan midnatt 30. juni 2021 (såkalla ihendehavarfrist) for at du skal kunne stemme ved valet i 2021. Det held altså ikkje å poststemple registreringsskjemaet den 30.06.21.
Godkjente vallister til sametingsvalet
Sametingets valnemnd har godkjent listeforslaga til sametingsvalet 2021. Til saman er det godkjent 58 lister.
I valkrets 7 Sør-Noreg er det godkjent 8 lister.
Godkjente vallister valkrets 7 Sør-Noreg