Slik stemmer duÅ stemme er ikkje vanskeleg. Følgjer du nokre enkle grep kan du stemme raskt og effektivt. Du har også moglegheit til å spørje ein valfunksjonær i vallokalet om du lurar på noko. Gå til stemmeavlukket Ta den stemmesetelen til det partiet du ønskjer å stemme på Gjer eventuelle endringar på stemmestelen Brett stemmesetelen slik at den farga sida kjem ut Gå til registreringsbordet – ha legitimasjon og evt. valkort klart Få stempel på din stemmesetel og legg setelen i urna Endre på stemmesetelen Ved stortingsval kan du som veljar endre på stemmesetelen på to ulike måtar. Du kan endre på rekkjefølgja på kandidatnamna: Det gjer du ved å sette ønskja nummer i ruta FORAN namnet til kandidaten. Du kan endre rekkjefølgja på så mange kandidatar du vil. Du kan stryke kandidatar frå lista: Det gjer du ved å setje kryss i ruta BAK kandidatnamnet. Du kan stryke så mange kandidatar du vil.