Stemmerett
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
For å kunne stemme ved stortingsvalet 2021 må du
- Vere norsk statsborgar
- Ha fylt 18 år innan utgongen av 2021
- Vere, eller ha vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg
Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deiras husstand har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet. Dersom dei ikkje nokon gong har vore registrert som busett i Noreg, skal dei manntalsførast i Oslo kommune.
Manntal
Manntalet er oversikten over alle som har stemmerett i ein kommune. For å kunne stemme må du stå innført i manntalet.
Alle personar med stemmerett førast automatisk inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni i valåret.
Dersom du har flytta til ein anna kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet og har stemmerett i den kommunen du flytta ifrå.
Veljere som er busett i utlandet
Om du er busett i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett da du flytta frå Noreg.
Dersom du ikkje har vore registrert busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søkje din siste bustadskommune om å bli innført i manntalet. Dersom du ikkje nokon gong har vore folkeregistrert som busett i Noreg, skal du søkje til Oslo kommune.
Korleis søker eg om innføring i manntalet?
Du søkjer ved å skrive under på den omslagskonvolutten som nyttas ved førehandsrøystinga utanriks. Dersom du førehandsrøyster i Noreg eller ikkje nyttar den nemde omslagskonvolutten, må du søkje særskild. Dette kan gjerast i eit vanleg brev eller ved å bruke eit eige skjema.
Søknaden må innehalde ei erklæring om at du fortsatt er norsk statsborgar.
Søknaden skal sendas til valstyret i den kommunen der du sist var registrert busett i Norge og må ha kome fram til valstyret innan 14. september kl. 17.00 for å kunne bli innvilga.
Søknadsskjema for innføring i manntalet (PDF, 60 kB)