Stemming på valdagen / valtingValdagen for stortingsvalet 2021 er sett til sundag 12. og måndag 13. september. I Midt-Telemark kommune er det beslutta å halde to-dagars val. Det vil sei at du kan stemme både sundag 12. september og måndag 13. september. På valdagen må du stemme i din heimkommune. Det vil sei den kommunen du er folkeregistrert som busett i pr. 30. juni 2021. Om du flyttar etter 30. juni 2021, står du innført i manntalet i den kommunen du flyttar i frå, sjølv om du melder flytting. Hugs å ta med deg legitimasjon til vallokalet. På valdagen kan du stemme ved eit av desse stadene Gullbring kulturanlegg Gullbringvegen 34 3800 Bø i Telemark Opningstid: Sundag 12. september kl. 13.00 - 18.00 Måndag 13. september kl. 10.00 - 20.00 Idunshall – Akkerhaugen Skolevegen 2 3812 Akkerhaugen Opningstid: Sundag 12. september kl. 13.00 - 18.00 Måndag 13. september kl. 10.00 - 20.00 Gvarv samfunnshus Tinghaugvegen 5 3810 Gvarv Opningstid: Sundag 12. september kl. 13.00 - 18.00 Måndag 13. september kl. 10.00 - 20.00 Publisert06.01.2021 10.14 Sist endret09.07.2021 10.43