Midt-Telemark kommune

Tidlegstemming

Tidlegstemming

Tidlegstemming

Du som veljar har moglegheit til å stemme innanriks frå 1. juli fram til og med 9. august.

Tidlegstemming er for veljarar som ikkje kan avgje stemme i perioden for førehandsstemming eller på valtinget.

Om du er ein av dei, kan du henvende deg til kommunen for å avtale tid for å tidlegstemme.
Du treng ikkje valkort, men hugs å ta med deg legitimasjon.

Du kan ikkje stemme på nytt på valdagen om du har førehandsstemt/tidlegstemt, og du kan heller ikkje førehandsstemme fleire gonger.

Det er ikkje sikkert at stemmesetlane med kandidatnamn er klare til tidlegstemminga, og det vil da bli nytta ein generell stemmesetel med alle partinamna.


Avtal tid for tidlegstemming

Tidlegstemminga vil føregå på kommunehuset i Bø, Bøgata 67, 3800 Bø i Telemark.

Kontakt servicetorget i kommunen for å avtale tid for tidlegstemming. Sjå kontaktinformasjon til høgre.

Kontakt

Servicetorget
Sentralbord
E-post
Telefon 35 05 90 00
Jeanett Kaasa
Konsulent servicetorget
E-post
Telefon 482 61 651

Kontakt ved spørsmål om salg-, skjenk- og serveringsbevillinger, kunnskapsprøver, etablererprøver, TV-aksjon, valg og kommunal vigsel.