Skulen skal vise respekt for elevars og foreldres religiøse og filosofiske overbevisningar og sikre retten til likeverdig opplæring.
Dersom du som forelder eller barnet ditt meiner at delar av opplæringa på skulen strider mot den religion eller det livssyn dykk har, skal eleven få fritak. Dykk må melde frå om dette skriftleg til skulen. Eleven kan ikkje få fritak frå heile fag, men aktivitetar i fag.
Faget kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) er eit ordinært skulefag som normalt skal samle alle elevane. Faget skal gje kunnskap og forståing, ikkje vere forkynnande eller gje opplæring i ein bestemt religion eller eit bestemt livssyn.
Skulen skal ved melding om fritak sjå til at fritaket blir gjennomført, og leggje til rette for tilpassa opplæring innanfor læreplanen.
Elevar som har fylt 15 år, gjer sjølv skriftleg melding.
(Opplæringslova §2-3a og §2-4)