Friplass blir innvilga etter søknad med vedlagt skatteoppgjør (ikkje
sjølvmelding/skattemelding). Eventuelle endringar i situasjonen etter dette må
dokumenterast.
Kven kan søke
Det kan søkjas om friplass for elever ved Midt-Telemark kulturskule når netto skattbar inntekt i
hushaldet er kr. 500 000,- eller mindre. Som hushald reknas ektefellar, registrerte
partnerar og sambuarar.
Det kan i utgangspunktet søkjas om 1 individuell friplass pr. elev.
Dei som går på blåse-/ slagverkinstrument eller barne- og ungdomsteater, kan ikkje
søke om friplass i kulturskulen. Ta kontakt med rektor Guri Røsok for meir
informasjon på gurok@mt.kommune.no
Når må ein søke?
Det må søkjas om friplass for eitt og eitt skuleår (ved innvilga friplass for
vårsemester, må det søkjas på nytt til hausten).
Det er ønskelig at søknad om friplass følgjer søknad om elevplass, men kulturskulen
tar imot søknader om friplass fram til 15. september (for skuleåret) og 15. februar
(for vårsemesteret). Dersom avklaring om friplass er en føresetnad for om man kan
takke ja eller nei til plassen, ver vennleg og gi beskjed om dette.
Spørsmål
Har du spørsmål, eller treng hjelp til å fylle ut søknadsskjema, ta kontakt med kulturskulen på tlf. 35 05 90 00 / e-post:
post@mt.kommune.no eller ta ein tur innom vårt kontor på Gullbring
kulturanlegg.
Det bereknast ein månad saksbehandlingstid, søknaden gis ikkje tilbakeverkande
kraft.
Den som innvilgast redusert foreldrebetaling plikter å opplyse om vesentlege og
varige endringar, som fører til at grunnlaget for redusert foreldrebetaling i
vedtaksperioden faller bort.