Leksehjelpskontrakt for
Skulane har tilbod om leksehjelp. Gå inn på kvar skule for å sjå meir informasjon om trinn og tider. Vi lagar grupper etter påmelding. Det er pedagog og assistent på gruppene. Det er ikkje skysstilbod etter leksehjelp. Elevar som ikkje er på SFO må gå heim eller bli henta. Leksehjelp er ikkje undervisning. lekser skal vera lærestoff som elevane har lært på skulen. Skulen skal legge til rette for oppgåver som elevane meistrar.
Sjølv om skulen bidreg med hjelp til å gjera lekser, er det dei føresette sitt ansvar å sjekke at elevane har gjort oppgåvene på ein tilfredsstillande måte. Høyring og øving på leseleksene må også gjerast heime.
Svar på søknad
Du får ei melding om at søknaden er sendt inn. Når du har mottatt denne har barnet ditt automatisk plass på leksehjelp.
Eleven og føresette sitt ansvar:
- Følgje dei same reglane som gjeld på skulen. Ved brot på reglane gjeld dei same konsekvensane som i skuletida. Vi vil raskt ta kontakt med føresette dersom eleven ikkje klarer å nytte seg av leksehjelpa.
- Ha ein plan om kva som skal gjerast i leksehjelptimane.
- Møte til rett tid og vere motivert for å jobbe. Ved fråvær skal skulen varslast.
- Avmelding eller endring av leksehjelp skal gjerast skriftleg (gjerne pr. e-post)
- Det vert ikkje lagt opp til at lekser skal gjerast ferdig på skulen. Elevane vil også måtte jobbe med lekser heime.
- Føresette skal vise interesse for leksene som er gjort, og sjekke at dei er gjort på ein tilfredsstillande måte.
Spørsmål og meldingar vedr. leksehjelp kan rettast til administrasjonen eller SFO-leiar.