Ambulerande skjenkeløyve §4-5
Ambulerande skjenkeløyve er ikkje knytt til ein bestemt person eller skjenkestad, og gjeld kun skjenking til slutta selskap. Ambulerande løyve vert brukt ved bryllaup, konfirmasjonar, jubileum og liknande. Kretsen av personar må ikkje vere open for utanforståande. Deltakarane må ha ein eller annan tilknyting til den eller dei som inviterer til selskapet. Det er ikkje nok at ein før skjenkinga byrjar, skriv seg på lister eller kjøper billettar. Vanlegvis må initiativet koma utan i frå, ikkje frå skjenkestaden. Det hjelper heller ikkje at talet på gjestar er avgrensa, eller at arrangementet i innbydinga eller i annonse er kalla «lukka selskap». Vanlege medlemsmøter i ei foreining vil ikkje oppfylle lovas krav til lukka selskap. Klubbar og liknande med avgrensa medlemskap vert ikkje i seg sjølv rekna som lukka selskap.
Det må søkast om ambulerande løyve dersom ein eller fleire av følgjande føresetnader er tilstade:
- Dersom ein leiger lokale + fleire tenester (f.eks. vasking, servering o.l.) av utleiger. Då er søknad naudsynt.
- Dersom ein tar betalt for alkohol.
- Dersom lokalet festen skal haldast i har serveringsløyve.
Ambulerande skjenkeløyve kan ikkje brukast når gjestane er invitert via annonser, plakatar, eller sosiale media. Då må det søkjast om skjenkeløyve for eit enkeltarrangement § 1-6. Ansvarlig skjenkestyrer må være fylt 20 år (legitimasjon vert kravd). Det er ikkje krav om bestått kunnskapsprøve.
Søknadsfrist
Søknader om ambulerende skjenkebevilling skal være kommet inn til kommunen minst 1 uke før arrangementet skal finne sted. Dersom søknad er sendt inn etter dette kan en risikere å ikke få behandlet søknaden før arrangementet.