Vedtak
Midt-Telemark kommune sender inn følgande høyringssvar til Kommunal- og distriktsdepartementet:
Høyringssvar frå Midt-Telemark kommune på forslag til reviderte statlege planretningslinjer for klima og energi.
Viser til høyringsforslaget for statlege planretningslinjer for klima og miljø som ble oversendt til Midt-Telemark kommune 13.mars 2024 frå Kommunal- og distriktsdepartementet.
Retningslinjene god oversikt over utfordringane i klima og energi feltet og fordelinga av ansvar og oppgåver. Midt-Telemark kommune er likevel bekymra over kommunens evne til å ivareta sin del av oppgåve og ansvaret sett i lys av mangelen på resursar både i form av økonomi og som en konsekvens av dette personell til å jobbe med fagfeltet.
Under kapittel 4.3 Retningslinjer for hvordan klimagassreduksjon, omstilling og effektiv og fleksibel energibruk skal ivaretakast i arealplanlegging står det under punkt c. at omdisponering av myr, skog mm og andre karbonrike areal skal unngås så langt som mogleg. Ein slik formulering, "unngås så langt som mogleg" vil opne for press, ulik forståelse og ulik praksis av innsigelsesmynde. Eit funn for juristar og ikkje til hjelp for kommunane som planmynde. Departementet bør gi tydeligare formuleringar som heimlar lik praktisering og tolkning av dei statlege retningslinene. Det at skog tas inn på lista utan nokon nærmare beskrivelse av skogtype eller lignande er problematisk. Strengt tolka vil det i praksis sette en stopper for all utbygging i kommunane.
Under punkt g. om hurtigladestasjoner står det at kommunane skal sette av arealet til dette samt ta en koordinerande rolle i dette arbeidet. Midt-Telemark kommune er ikkje einig i at det er en kommunal oppgåve å koordinere dette og meiner markede bør styre tilbodet av hurtigladestasjoner. Kommunen vil sjølvsagt ha en rolle som planmyndighet, men ikke større enn den kommunen vil ha ved eksempelvis etablering av en bensinstasjon. Kommunen vil i staden peike på nettselskapa som bør ha en rolle i å sørge for tilstrekkeleg kapasitet i nettet til etablering av hurtigladestasjoner på strategiske steder.
Behandling
Frid Berge (V) fremmet slikt endringsforslag:
Under avsnitt som viser til kap. 4.3, fylgjande presisering:
Under kapittel 4.3 Retningslinjer for hvordan klimagassreduksjon, omstilling og effektiv og fleksibel energibruk skal ivaretakast i arealplanlegging står det under punkt c. at omdisponering av myr, skog mm og andre karbonrike areal skal unngås så langt som mogleg. Ein slik formulering, "unngås så langt som mogleg" vil opne for press, ulik forståelse og ulik praksis av innsigelsesmynde. Eit funn for juristar og ikkje til hjelp for kommunane som planmynde. Departementet bør gi tydeligare formuleringar som heimlar lik praktisering og tolkning av dei statlege retningslinene. Det at skog tas inn på lista utan nokon nærmare beskrivelse av skogtype eller lignande er problematisk. Strengt tolka vil det i praksis sette en stopper for all utbygging i kommunane.
Innstillinga og endringsforslaget fra Frid Berge ble enstemmig vedtatt.