Vedtak
Utvalet støtta opp under punkta som både eldrerådet og personar med funksjonsnedsettelsar hadde peika på
Rådet for personar med funksjonsnedsettelsar:
1. Kryssa ved Gymnasebakken, Bøgata, og gamleveg er uoversiktleg. Manglar gangfelt.
2. Strekninga mellom Årnes og Slåttekås er konstruert slik at ein må kryssa vegen ved tre plassar for å få tilgang til gangveg. Her er det også 80km/t sone. Det er heller ikkje markert i vegbanen at her må fotgjengarar osb. kryssa vegen.
3. "Torget" på Nordagutu. Krysset ved Nordgardsvegen, *Nordagutuveggen, vegen opp til togstasjon, *Svealivegen. Her er det 5 vegar som møtest, og det manglar gangveg.
Desse tre punkta er område som blir opplevde som uoversiktlege og kvar ein kjenner seg som "liten" som fotgjengar.Rådet støttar også opp under punkta som eldrerådet peika på i uttalen sin.
Eldrerådet:
Eldrerådet tilrår at det vert lagt til rette for / etablera eigne sykkelfelt i Bøgata. Dette for å skilje/likestille syklande og gåande. Gåande opplever at det er problematisk, til dels farleg, å gå på fortauget når syklistar i alle aldrar kjem i stor fart. Den til dels manglande etterleving av trafikklova som mange syklistar viser er eit problem. Det gjeld ikkje minst ved kryssing av gata i gangfelt.
Eldrerådet tilrår at Midt-Telemark kommune tek opp med rette overordna myndigheit å få etablera/bygd GS-veg langs RV 350 frå Gvarv skule, mot Akkerhaugen, fram til krysset med Gunheimsvegen (Stavdal).
Eldrerådet tilrår at Midt-Telemark kommune ber aktuelle myndigheit om at 60-sona på RV350 forbi Gvarv skule vert forlenga mot Akkerhaugen fram til krysset med Gunheimsvegen (Stavdal). Langs denne strekninga er det fleire avkøyrsler til gardsbruk og gardsbutikkar, avkøyrsle til Nesoddveien og Nes kyrkje og til Telefrukt.
I Bø sentrum er det ved fleire gangfelt eit problem for rullestol- og gåstolbrukarar at det er nivåforskjel mellom fortaug og gangfelt.
I Bø sentrum er gangfeltet over Folkestadvegen ved Midtbygda-krysset uheldig plassera for nære krysset og har ført til fleire farlege situasjonar for gåande som nyttar dette. Det bør plasserast meir likt gangfelta over Bøgata og Stasjonsvegen.
Behandling
Utvalet fekk orientering om behandlinga i eldrerådet og råd for personar med nedsett funksjonsevne. Utvalet støtta opp under dei punkta desse to råda hadde peika på.