Vedtak
Kommunestyret tar vedtaket frå statsforvaltaren og den framlagte tidsplanen for arbeid med nytt årsbudsjett 2025 til vitande.
Politisk nivå tar orienteringa frå kommunedirektøren knytt til endringar til orientering.
Politisk nivå gjev kommunedirektøren følgjande signal til arbeidet med nytt årsbudsjett:
(Signal gjeve i formannskapsmøte 24.03.2025, utvalsmøte 25.03.2025 og kommunestyret 07.04.2025)
Behandling
Kommunedirektør Per Dehli og assisterande kommunedirektør Øystein Tveit orienterte til saka.
Forslag fra Evy Beate Stykket V:
Formannsskapet er inneforstått med at ein må sjå på tiltak som vil føre til kraftig reduksjon i tenester. Formannskapet ber om at slike tiltak blir lagt fram med ulik grad av reduksjon slik at ein får ulike alternativ å ta stilling til.
Formannsskapet ber om at ein får ein diskusjon i eit seinare møte om kva som er lovpålagte tenester og kor ein eventuelt kan utfordre denne definisjonen.
Formannsskapet ber om at alle tiltak som låg i dei ulike alternative budsjetta blir lagt fram til ny diskusjon og vurdering i eit seinare møte.
Formannsskapet ber ordførar lage ein plan for det politiske arbeidet framover slik at samarbeidet på politisk nivå og mellom politikarar og administrasjon blir best mogleg og involverer breitt.
Formannsskapet ønsker eit nytt møte før den 7. april.
Innstillinga med forslag fra Evy Beate Stykket ble enstemmig vedtatt.