Midt-Telemark kommune

Bø Ungdomsskule gir nyttig informasjon til føresette om utfordringar for ungdom og korleis det håndterast

Bø Ungdomsskule gir nyttig informasjon til føresette om utfordringar for ungdom og korleis det håndterast

Tysdag 14. september 2021 drog varaordførar Ingebjørg og kommunedirektør Per Dehli på besøk til Bø ungdomsskule for å lære korleis dei informerer føresette om ulike tilbod til ungdom. Denne dagen var det ei stor samling for føresette med ulike tema. Foreldra hadde fyrst eit kort møte klassevis med info.

Bilde av ansatte på Bø ungdomskule, og politikontakt Bjørn Håvard Olsen og Trond Garborg på Ung arena.  - Klikk for stort bilde

Bø ungdomsskule sine råd for å inkludere og passe på ungdom:

  • Ein må vere merksam på nettbruk og snakke med ungdommane om konsekvensar av bildedeling.
  • Tenk over kor lenge ungdommane skal få lov å være i sentrum på kveldar. Politiet passar også på dei unge med nattpatruljar.
  • Benytt tenesta Ung Arena, som både er eit fritidstilbod og samtaletilbod til unge, inkludera moglegheita til å snakke med psykolog.
  • Foreldre bør snakke saman om felles utfordringar for dei unge.

Nettbruk og ungdom

Foredrag v/Tonje Nordli, lærar ved Thor Heyerdal i Larvik. 2000 elevar.

Som foreldre er det umogleg å halde oversikt over nettsider og plattformer. Snap er det mest populære blant unge. Viktig å holde ei god samtale med dei unge, utan at det blir for mykje Fy-fy. Samtidig må konsekvensane av bildedeling formidlast. Mobbing i form av utestenging er vanleg og alvorleg for den det rammar.

Utfordringar blant ungdom i Midt-Telemark v/Bjørn Håvard Olsen, politikontakt 

Gjennomgjekk kva som er lov og ikkje når ein deler bilde. Åndsverkloven og samtykke. Tips om korleis ein kan starte å kommunisere om vanskelege tema. Nattpatruljar fangar opp dei unge som er ute i sentrum seint på kvelden.

Rosar Ung arena og meiner den tenesta må fortsette.

Helsesykepleiar og kommunepsykolog om erfaringar med ungdom og resultater frå Ung Data

250 besøk årleg, flest jenter. Førebygging viktig for både fysisk og psykisk helse. Trygge, gode samtalar.

Anne Mari Kåsa frå Ung Arena fortalte om ungdomshjernen og det å være ungdomsforeldre.

Andre tema

Det var sett av tid til gruppearbeid med oppgåver på slutten av møtet. Fint å prioritere dette sjølv om det blei litt knapt med tid. Det er bra for tilhøyrarane å kunne snakke i ei mindre gruppe. Dette skape dynamikk og aukar kunnskapen. Og sist, men ikkje minst, foreldra blir litt betre kjent med kvarandre.

Oppsummering frå varaordførar

Godt å sjå at det er så mange forskjellige gode ressursar disponibelt for barn og unge i kommunen vår. Det er trygt og godt å vite.

Takk til alle og særleg til rektor Nils Rune Midtbøen

Deltakarar

Rektor Nils Rune Midtbøen

Ingebjørg Nordbø, varaordfører

Per Dehli, kommunedirektør