Midt-Telemark kommune

Ung Arena vil gje ungdommane ein lett tilgjengeleg plass å samles, på ungdommane sine premissar!

Ung Arena vil gje ungdommane ein lett tilgjengeleg plass å samles, på ungdommane sine premissar!

Torsdag 17. juni 2021 dro hovedutvalgsleder Evy og ungdomsrådsrepresentant Wisse på besøk til Ung Arena på Bø frivilligsentral for å lære korleis dei arbeider med å skape eit inkluderande miljø for ungdom.

Bilde frå ung arena sine lokaler. Daglig leder Trond sitter på huk ved mellom to sofaer der det sitter ungdommer. Ei dame spille på et piano. - Klikk for stort bilde

Ung Arena sine råd for å inkludere barn og unge:

  • Tilby aktivitet og mat uten at det koster noko, då blir tilbodet tilgjengeleg for fleire.
  • Inkluder alle kategoriar av unge, ikkje berre dei som fell utanfor. Me treng ein variasjon av ungdom som kan vere sosial.
  • Ha tilbodet nær ungdommane. Ung Arena har faste møtedagar både i Bø og på Gvarv.
  • La ungdommane vere fri og ikkje ha for mykje styra aktivitetar. Ein får komme som ein er og gjere som ein vil :)
  • Samarbeid med dei frivillige. Då kan ein få til enda meir.

 Gratis tilbod

Dette er grunnleggande for å få alle til å kunne kome. Ein har gratis møteplass med mat og aktivitet som er opent og tilgjengeleg for absolutt alle på faste dagar kvar veke. Men i tillegg har ein også hatt turar eller andre aktivitetar som kostar litt pengar (skitur, klatrepark...) der det er gratis å vere med. På den måten gjer ein slike tilbod tilgjengeleg for fleire.

Inkludere i "alle retningar"

Det er ikkje bare dei som oftast er utanfor som skal inkluderast "inn" og få ein plass å vere, men alle kategoriar av folk skal inkluderast med kvarandre. Ein er derfor bevisst på at ein skal få med ein variasjon av ungdommar med ulike bakgrunnar som treffast på like fot innanfor dei same rammene.

Geografi

Ein har starta opp på Gvarv i tillegg til i Bø med faste møtedagar der ungdommar kan komme etter skuletid. Transport er ei utfordring, så det å vere nær folk er viktig for å kunne inkludere/vere tilgjengeleg for ungdommar i fleire delar av kommunen.

Fridom

Ungdommane som kjem vil gjerne få gjere som dei vil og ikkje ha for mykje styrt aktivitet. Derfor legg Ung Arena til rette for at det ulike aktivitetstilbod å velje mellom, men det er opp til ungdommane sjølve å styre tida. Ein får komme som ein er og gjere som ein vil :) Gjennom samarbeidet med Frivilligsentralen har det blitt enda friare på den måten at ein har eit større hus å boltre seg i, og med ulike tilbod i ulike rom (stille rom til lekser, gaming-rom, gymsalen, kafe..).

Akkurat i dag var møteplassen i Evjudalen. Frivilligsentralen stilte med telt, folk og grillar, og det var mat (gratis) og fotball på programmet.

Kontakt:

Dersom du vil vite meir om Ung Arena, så kan du ta kontakt med prosjektleiar Trond Garborg på mobil 992 06 742 eller e-post trond.garborg@mt.kommune.no eller psykolog Anne Marie Kaasa på mobil 468 93 406 eller e-post anne.marie.kaasa@mt.kommune.no.

 

Deltakarar under besøket:

Trond Garborg, prosjektleder

Evy Beate Stykket, hovedutvalgsleder for oppvekst og kultur (V)

Wisse Renssen, medlem i Ungdomsrådet