Frukt- og bærproduksjon i distriktet Midt-Telemark
Distriktet Midt-Telemark er det andre største fruktområdet i landet med eit samla areal på nærmare 4.000 daa frukt. Terroiret har eit godt klima, bra jordsmonn, innovative produsentar, eit velfungerande støtteapprat og ein godt tilrettelagt infrastruktur for å kunne drive ein rasjonell og berekraftig fruktproduksjon. Landets største fruktpakkeri, som er ein spydspiss for utviklinga innan moderne lagringsteknologi på landsnivå, ligg i Midt-Telemark. Fruktarealet strekker seg frå Ulefoss i sør, langs breiddene av Norsjø til Akkerhaugen i nord, med forgreiningar til Bø i vest og Hjuksebø mot nordaust. Godt og vel 95% av all frukt i området, blir dyrka i kommunane Nome og Midt-Telemark. Solbær er, arealmessig, den største bærkulturen i området, men historisk har bærproduksjon alltid vore av lite omfang både i Nome og Midt-Telemark. Gjennom fleire år har det blitt satsa på økologisk frukt- og bærdyrking i Midt- fylket, men grunna laber interesse blant marknadsaktørar og dermed sviktande økonomi, er denne type produksjon, minkande. Grønsakproduksjonen i dei to kommunane er liten, men viktig for dei få det gjeld.
Utviklinga i frukt- og bærproduksjonen i Midt-Telemark og Nome
Eple er, og har alltid vore, det viktigaste fruktslaget i området vårt og utgjer i overkant av 79 % av tilplanta fruktareal i dei to kommunane. Mot slutten av 1970- talet vart det planta surkirsebær for maskinell hausting og industriell berabeiding og frå byrjinga av 1990- talet og utover er det etablert ein ganske stor produksjon av plommer og søtkirsebær (moreller) i distriktet. Pæredyrking har fått sin rennesanse frå 2020 og målet er at det skal etablerast ein produksjon på 100 tonn kvalitetspærer av den norske sorten ‘Celina’ i løpet av dei neste 5 åra.
Sjølv om det meste av frukta blir konsumert til friskkonsum, har området også ein ikkje uvesentleg produksjon av industrifrukt som går til saft, juice, sider, fruktøl, syltetøy, gele og andre hermetiserte produkt.
Trenden dei siste 10 åra
Trenden er færre og færre produsentar og større og større brukseiningar også innanfor frukt- og bærproduksjonen. Blant anna, som eit resultat av utviklingsprosjektet «Frukt i fokus» initiert av av næringa sjølv i samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving, fylkesmann, landbrukskontor og forankra i ønske frå marknadsaktørar, har arealet og produksjonen av frukt i området skote fart gjennom dei siste 10 åra. I tillegg er det planta intensivt og talet på frukttre i dei to kommunane har auka kraftig.
Eit mål på den økonomiske utviklinga, kan vere at omsetninga til Telefrukt, har auka frå 32 mill. i 2012 til over 140 mill. kr i 2022. Samla skapar frukt- og bærnæringa i distriktet meir enn 200 arbeidsplassar, både i form av heiltidsstillingar og som sesongbasert arbeidskraft, og utgjer ein viktig del av landbruket i Telemark. I dag er det vanskeleg for nye produsentar å få leveringsavtale for både frukt og bær pga. marknadssituasjonen. Dette til tross for at det er eit nasjonalt mål om at norskandelen og forbruket av frukt og grønt skal auke i tida framover.
Bærproduksjonen i distriktet viser ein negativ trend, men fortsatt er det att ein viktig industriproduksjon av solbær og eit lite areal av jordbær, bringebær, rips og stikkelsbær primært for friskkonsum, men også til bearbeida produkt og som smakstilsetting til drikke og mat. Det blir bl. anna dyrka veksthustomat, gulrot og kålrot lokalt, men i landsmålestokk er grønsaksproduksjonen i dei to kommunane liten. Mesteparten av grønsaksdyrkinga i fylket, føregår i kystnære strøk.
Arealoversikt frukt og bær(daa) i Nome og Midt-Telemark 2012-2022 (Kjelde: Landbruksdirektoratet, 2022).
Heidersprisar, matskattar og unike smakar
Fleire av lokalmatprodusentane i Nome og Midt-Telemark har fått heidersprisar for produkta sine som blir selt over store deler av landet. Nokon har til og med Slottet på si kundeliste! Fleire produkt har blitt kvalifisert til å bli nasjonale matskattar og fått merker som "Beskyttet geografisk betegnelse", "Spesialitet Unik Smak", "Lokalmat", "Nyt Norge" og "Økologisk" .
Det er Stiftelsen Norsk Mat som har ansvaret for/forvalter og eig desse merkeordningane.
Viktige aktørar i frukt- og bærmiljøet i Midt-Telemark og Nome
Lokale bedrifter som Epleblomsten, Sagaplant, Telefrukt og Telemark Frukt- og bærpresseri er viktige aktørar i frukt- og bærmiljøet i området. Det samme er Telefrukt Produsentlag som organiserer dei fleste fruktprodusentar lokalt, Norsk Landbruksrådgiving Østafjells, Farm Tech, Fimex, Felleskjøpet Bø, Landbrukstjenester Telemark, Telemark Frukthageservice og Telemark Bondelag. Fruktbygda er eit samvirketiltak som organiserer tilbydarar av overnatting, matservering, guiding, galleri og sal av frukt- og bærrelaterte produkt til lokalbefolkning og tilreisande, medan Norsk Eplefest er ei viktig brikke i det å sette fokus på eple frå distriktet på kartet.
Nytt deltidsstudium i frukt- og bærproduksjon
Nome vgs. avd. Søve tilbyr, i samarbeid med Fagskolen Innlandet og Fagskulen Vestland avd. Hjeltnes, deltidsstudium i frukt- og bærproduksjon for nye og etablerte produsentar, frå og med januar 2024. Søknadsfrist sept. 2023. For meir informasjon om studiet sjå nyheitsartikkelen "Fagskule for Frukt og bær".