Stortings- og sametingsval Valdagen for storting- og sametingsvalet 2025 er sett til måndag 8. september. I Midt-Telemark kommune er det bestemt å halde to-dagars val. Det vil sei at du kan stemme sundag 7. september også.Om stortingsvalKvart fjerde år er det stortingsval. Ved stortingsvalet skal det veljast 169 kvinner og menn til Stortinget. Desse blir valde frå heile landet og frå fleire ulike politiske parti.I Noreg har vi demokrati, som betyr at det er folket som bestemmer. Når det er stortingsval er det folket som bestemmer kven som skal sitte på Stortinget. Om sametingsvalSametinget er det samiske folkets folkevalde parlament i Noreg og er eit sjølvstendig folkevald organ.Sametingsvalet haldast kvart fjerde år på same dagen som stortingsvalet. Det er 7 valkretsar som dekkjer heile landet, kvar valkrets får tildelt mandatar etter antal manntalsførte i kretsen. Til saman veljast det 39 representantar frå heile landet.Sametinget er øvste valmynde til sametingsvalet. Meir informasjon om Sametinget og sametingsval finn du på www.sametinget.no.OBS! I Midt-Telemark kommune er det kun høve til å førehandsstemme til sametingsvalet.