Stortings- og sametingsval

  

Valdagen for storting- og samtingsvalet 2025 er sett til måndag 8. september.


Om stortingsval

Kvart fjerde år er det stortingsval. Ved stortingsvalet skal det veljast 169 kvinner og menn til Stortinget. Desse blir valde frå heile landet og frå fleire ulike politiske parti.

I Noreg har vi demokrati, som betyr at det er folket som bestemmer. Når det er stortingsval er det folket som bestemmer kven som skal sitte på Stortinget.

 


Om sametingsval

Sametinget er det samiske folkets folkevalde parlament i Noreg og er eit sjølvstendig folkevald organ.

Sametingsvalet haldast kvart fjerde år på same dagen som stortingsvalet. Det er 7 valkretsar som dekkjer heile landet, kvar valkrets får tildelt mandatar etter antal manntalsførte i kretsen. Til saman veljast det 39 representantar frå heile landet.

Sametinget er øvste valmynde til sametingsvalet. Meir informasjon om Sametinget og sametingsval finn du på www.sametinget.no.

Kontakt

Valstyret i Midt-Telemark kommune
E-post
Telefon 35 05 90 00

Adresse

Midt-Telemark kommune
v/valstyret
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

 

Svein Taranrød
Avdelingsleder Politisk sekretariat
E-post
Telefon 91 11 20 54

Kontakt ved spørsmål om politisk møtebehandling, salg-, skjenke- og serveringsbevillinger, etablererprøver, valg, vigsel og politiske saker.

Jeanett Kaasa
Spesialkonsulent
E-post
Telefon 48 26 16 51

Kontakt ved spørsmål om salg-, skjenk- og serveringsbevillinger, kunnskapsprøver, etablererprøver, TV-aksjon, valg og borgerlig vigsel.