Stemme heimeDu kan søkje om å førehandsstemme heime eller der du er dersom du grunna sjukdom eller uførheit ikkje kan stemme i eit vallokale. Du kan søkje om å stemme heime eller der du opphalder deg dersom du grunna sjukdom eller uførleik ikkje kan stemme ved eit førehandsstemmelokale eller på valdagen.Det er tilstrekkeleg å ta munnleg kontakt, og ikkje nødvendig med skriftleg søknad.Når du kontaktar oss må du oppgi årsaka til at du ønskjer å nytta deg av moglegheita til å stemma heime. Det er ikkje eit krav om dokumentasjon, og det held derfor å fortelja oss kvifor du ønskjer å stemma heimanfrå.Korleis søkje?Ring oss på telefon 35 05 90 00eller send ein e-post til post@mt.kommune.no SøknadsfristSøknadsfristen for å søkje om å stemme heimefrå er den 4. september 2025 kl. 12.00. Korleis foregår det?To valmedarbeidarar vil komme til deg for å hjelpe deg med å stemme. Du får ein stemmesetel for kvar liste som deltar i valet.Ubrukte stemmesetlar blir lagt i ein konvolutt som blir limt igjen, og du får behalde konvolutten. Dette er for å sikre at valet ditt er hemmeleg. Publisert 08.04.2025 10.46 Sist endret 30.05.2025 14.44